Tilskot til styrking av frivillig sektor i Vestland
Tilskot frå denne ordninga skal gå til styrking av regionale frivillige organisasjonar i Vestland etter Frivilligheitas år 2022. Søknadsfristen var 30. november.
Kven kan søke?
Ordninga gjeld for regionale frivillige organisasjonar eller paraplyorganisasjonar som er registrerte i Frivilligheitsregisteret. Organisasjonen må ha lokale lag/ledd i minst tre kommunar i Vestland. Lokale frivillige organisasjonar kan søkje om tilskot til tiltak med stor regional verdi. Organisasjonar som er tilknytt Vestland idrettskrets kan ikkje få støtte gjennom ordninga, då fylkestinget i Vestland har sett av eigne midlar til Vestland idrettskrets.
Kva kan ein få støtte til?
Organisasjonane kan få tilskot til regionale tiltak som kan gje varige effektar i form av synleggjering, auka deltaking og rekruttering, nedbygging av barrierar og styrka samarbeid mellom organisasjonar.
Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar, så tiltaket må ha regional verdi og nedslagsfelt.
Søknadsfrist
30. november 2022.
Søknadsbeløp
Det kan søkjast om inntil 200 000 kr til tiltaket.
Vurdering
Søknadene blir vurdert ut i frå følgjande kriterium:
- Tiltaket sin regionale verdi. Tiltak med breitt geografisk nedslagsfelt blir prioritert.
- I kva grad tiltaket er med å synleggjere frivilligheita i Vestland.
- Om tiltaket har mål om auka deltaking, rekruttering av nye frivillige og reduksjon av barrierar for deltaking.
- Om tiltaket vil styrke samarbeidet mellom regionale frivillige organisasjonar.
Ein søknad må ikkje oppfylle alle vurderingskriteria, men dess fleire av desse som er oppfylt, dess meir relevant er søknaden for ordninga. Fylkeskommunen har mål om at midlane blir godt fordelt mellom organisasjonar innan ulike fagområde.
Krav til søknaden
Søknaden må sendast inn til fylkeskommunen via digitalt søknadsskjema, og må innehalde
- presentasjon av tiltaket sitt føremål og regionale verdi
- presentasjon av korleis tiltaket skal synleggjere frivilligheita, bidra til fleire frivillige og deltakarar, reduserer barrierar og styrke samarbeidet mellom organisasjonar
- budsjett for tiltaket