Fv. 5600 Fjordavegen, utbetring
Ei strekning på 210 meter på fylkesvegen mellom Vik, Framfjord og Arnafjord skal utbetrast og få vedlikehald. Arbeidet krev vegstengingar i september og oktober 2026.
Vegstengingar
Utbetringane krev vegstengingar med gjennomkøyringstider, og vegen blir heilt stengt for trafikk tre helger hausten 2026. Desse helgene blir det båt for persontransport fredag ettermiddag/kveld til søndag kveld. Stengingane blir tilpassa skulebuss, heimesjukepleie og mjølkebil.Det blir tilrettelagt for naudetatar.
Sjå 175.no eller vegvesentrafikk-app for stengetider og vegmeldingar.
Periode
14. september til 9. oktober 2026
Stengetider kvardagar
Mandag til torsdag: Stengt for trafikk kl. 07.00–19.00 med gjennomkøyring kvar time.
Fredag: Stengt for trafikk kl. 07.00–18.00 med gjennomkøyring kvar time, helgestenging startar kl. 20.00 fredagar, sjå helgetider under.
Stengetider og båttransport helg
Vegen blir heilt stengt for trafikk dei tre helgene i perioden, fredag kveld til mandag morgon:
- 18. september kl. 18.00–21. september kl. 06.00
- 25. september kl. 18.00–28. september kl. 06.00
- 2. oktober kl. 20.00–5. oktober kl. 06.00
Båttransport
Det blir satt opp båt for persontransport dei helgene vegen er heilt stengt, frå Vik til Arnafjorden.
|
Rutetider, båt |
Arnafjord | Vik |
| fredag | kl. 20.40 | kl. 21.30 |
| lørdag og søndag | kl. 06.45 | kl. 08:00 |
| kl. 14.45 | kl. 16.00 | |
| kl. 20.30 | kl. 21.30 |
Båtturen tek omlag 35 minutt. 18.–19. september er det ein mindre båt som går i rute og overfartstida er desse to dagane omlag 45 minutt.
Betre og meir stabil fylkesveg
Det skal skiftast ut vegmassar under vegen på ei strekning på 210 meter ved Eitreneset. Dette vil gjere vegen og vegdekket meir stabilt og haldbart i lengre tid framover.
Tilstanden på strekningen har forverra seg merkbart siste året, og tiltaket blei prioritert gjennomført hausten 2026.
På mesteparten av strekninga skal massane skiftast ut 1,5 meter ned, men på fire punkt med særs dårlege grunnforhold må vi grave til 3 meters djupn for å få eit stabilt vegfundament. Her må heile vegen gravast vekk og det må stengast for trafikk under arbeidet. Massane skal i stor grad byttast med lettare massar i geonett. Denne metoden gir langvarig gode resultat for vegen, og arbeidet er mindre tidkrevjande enn å t.d. sette opp murar.
Det skal også byttast stikkrenner, leggast nytt dekke og settast opp rekkverk.
Tryggleik
Vegen er smal og ligg i bratt terreng utan moglegheit for snu- eller møteplassar. Difor må den stengast for trafikk under delar av arbeidet. Tryggleiken til både trafikantar og dei som gjer jobben må ivaretakast. Det er lagt opp til kontinuerleg og effektivt arbeid dei helgene vegen må stengast. Det blir alternative løysingar for naudetatar gjennom heile perioden. Vi ber om forståing for ulempene stengingane fører med seg og takkar for tolmotet. Vi gler oss til å opne ei utbetra strekning.