Sende faktura til Vestland

Alle faktura til Vestland fylkeskommune må sendast elektronisk i EHF-format. Alle einingar under Vestland fylkeskommune skal opprettast som kunde på vårt hovudorganisasjonsnummer, 821 311 632.

Det er svært viktig at du stilar fakturaen til Vestland fylkeskommune. Plasser eininga/avdelinga/seksjonen der vara eller tenesta er levert i feltet for leveringsadresse på fakturaen.

  • Elektroniske fakturaadresse: 0192:821311632
  • Aksesspunkt: Visma

Nettbasert fakturaportal

Mange små og mellomstore bedrifter har ikkje eit eige fakturasystem som kan produsere elektronisk faktura direkte. Eit alternativ er å registrere faktura i ein nettbasert fakturaportal. Oversikt over ulike portalar finn du på Difi sine sider:

Merking av faktura

Dersom fakturaen er basert på ein ordre frå vårt bestillingssystem skal eit ordrenummer (åtte siffer, som startar med 13…) plasserast i feltet «kundens ordrenummer». «Kundens ordrenummer» må stå tomt dersom fakturaen ikkje er basert på ein ordre, slik at den elektroniske flyten ikkje blir forseinka.

  • «Ordrenummer» i xml-fila: OrderReference/ID

Dersom fakturaen ikkje har opphav i ein ordre frå vårt bestillingssystem skal fakturaen merkast med eit fem- eller sekssifra ressursnummer oppgitt av bestillar. Dette skal plasserast i feltet «Deres referanse», som er eit obligatorisk felt i EHF-standarden.

  • «Deres referanse» i xml-fila: cbc:AccountingCost eller cbc:BuyerReference

NB! Ingen tilleggsinformasjon skal plasserast i desse felta, berre desse siffera. Faktura som manglar merking vert returnert.

Liste over gyldige fakturareferansar for våre avdelingar

Skal du sende faktura til Vestland fylkeskommune, men har ikkje fått oppgjeve gyldig fakturareferanse av bestillar? Dersom du veit kva avdeling som skal handsame fakturaen kan du nytte denne oversikta til å finne rett fakturareferanse:

Oversikt over rett merking av faktura til alle einingar, skular og tannklinikkar (PDF)

Den gyldige referansen består av seks siffer og må plasserast i feltet «Dykkar ref.» (BuyerReference i XML-fila).

Betalingsvilkår

Vi har betalingsfrist på 30 dagar frå fakturadato. I dei tilfella der vi ikkje har motteke EHF-faktura, skal krav om rente og gebyr dokumenterast med ei leveringskvittering frå dykkar aksesspunkt. Der må dato og tidspunkt for overføringa vere stadfesta.