Forsking

Bedrifter og kommunar kan få hjelp til å starte opp prosjekt og søke om midlar til større forskingsprosjekt med innovasjonspotensial. Dei kan få hjelp til å finne aktuelle program å søke på og forskarar å samarbeide med. Forskingsorganisasjonar og andre aktørar kan få råd og støtte til utvikling av større forskings- og innovasjonsprosjekt, der det er krav om forankring og medverking frå privat eller offentleg sektor. Fylkeskommunen driv også forsking for å utvikle tannhelsetenesta.