Vestland fylke som antirasistisk sone
Vestland fylke skal vere ein stad der alle innbyggjarar opplever tryggleik, likeverd og respekt – uavhengig av bakgrunn, hudfarge eller opphav. I 2020 vedtok fylkestinget at Vestland fylke skal vere antirasistisk sone. Det er eit tydeleg signal om at vi ønskjer å ta ansvar og bruke rolla vår som samfunnsutviklar til å bidra til eit meir inkluderande og rettferdig samfunn.
Arbeidet med å følgje opp vedtaket er eit langsiktig og sektorovergripande utviklingsarbeid. Det krev innsats frå mange – fylkeskommunen, kommunar, organisasjonar, skular, bibliotek og innbyggjarar i heile Vestland.
Kva er antirasistisk sone?
Fylkestingsvedtaket frå 2020 er eit politisk standpunkt og eit løfte til innbyggjarane i Vestland om at fylkeskommunen aktivt skal arbeide mot rasisme og diskriminering – i eigen organisasjon og i samfunnet elles.
Å vere ei antirasistisk sone tyder at vi ikkje berre er mot rasisme, men aktivt arbeider for å avdekkje og motverke rasisme i alle former, både den individuelle og den strukturelle.
Kvifor er dette viktig?
Rasisme og diskriminering skadar enkeltmenneske og svekker samfunnet som heilskap. Når menneske vert hindra frå å delta i skule, arbeidsliv og samfunnsliv på grunn av bakgrunn eller hudfarge, tapar vi alle. Vestland fylkeskommune ønskjer å gå føre og vise at offentlege verksemder kan ta eit aktivt ansvar.
Forankring
Arbeidet er forankra i Utviklingsplan for Vestland 2024–2028, strategi 6, og utgjer ein sentral del av fylkeskommunen sitt samfunnsoppdrag som regional utviklar. Med ansvar for område som vidaregåande opplæring, folkehelse, kultur, bibliotek, transport og integrering, har fylkeskommunen tilgang til arenaer som vert brukte av folk flest.
Om prosjektet
Vestland fylkeskommune har fått tilskot frå Bufdir (Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet) til å gjennomføre prosjektet "Vestland fylke som antirasistisk sone" i 2026. Prosjektet har ein samla ramme på 500 000 kroner, der 400 000 kroner kjem frå Bufdir og 100 000 kroner frå fylkeskommunen sitt eige internbudsjett.
Kva ønskjer vi å oppnå?
Alle tiltaka i prosjektet skal bidra til auka merksemd, kompetanseheving og stimulere til handling for å nå målet om Vestland fylke som antirasistisk sone.
Vi ønskjer å
- styrkje kompetansen om rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar i skular, bibliotek og organisasjonar
- gjere det lettare for dei som har opplevd rasisme å vite kva dei kan gjere
- fremje ein inkluderande idrettskultur fri for hets
- bidra til tryggare og meir inkluderande lokalsamfunn i heile fylket
- styrkje det interne arbeidet mot rasisme i Vestland fylkeskommune som organisasjon
Målgruppe
Prosjektet rettar seg mot alle innbyggjarar i Vestland, med særleg merksemd på
- elevar og lærarar i vidaregåande skule
- tilsette i Vestland fylkeskommune
- innbyggjarar som nyttar dei 43 folkebiblioteka i fylket
- kommunar og frivillige organisasjonar i Vestland
- personar som har opplevd rasisme og diskriminering
Kvifor arbeider Vestland fylkeskommune med antirasisme?
I juni 2020 vedtok fylkestinget at Vestland fylke skal vere ein antirasistisk sone. Vedtaket slår fast at arbeidet mot rasisme skal vere langsiktig, kunnskapsbasert og forankra i likestillings- og diskrimineringslova. Vestland fylkeskommune har ansvar for viktige samfunnsarenaer – som vidaregåande opplæring, bibliotek, kultur, folkehelse og integrering. Det gir ei særleg rolle i å bidra til likeverd og tryggleik der folk faktisk lever liva sine. Arbeidet er forankra i Utviklingsplan for Vestland 2024–2028 og skjer i samarbeid med kommunar, frivillige organisasjonar, fagmiljø og ungdom i fylket.
Fylkestinget sitt vedtak frå juni 2020:
- Vestland fylkesting erklærer i dag Vestland fylke som antirasistisk sone. Diskriminerings- og likestillingslova sine reglar ligg til grunn for alt arbeid mot rasisme i alle ledd i fylkeskommunen.
- Opplevd og strukturell rasisme innan fylkeskommunen sine tenester må bli kartlagt, særleg i dei vidaregåande skulane. Det må bli utarbeidd konkrete forslag til tiltak som motverkar opplevd individuell og strukturell rasisme.
- Vestland fylkesting vil invitere alle kommunane, organisasjons- og arbeidslivet, ungdommens fylkesting og kompetanseforum i fylket til eit samarbeid for å nå målet om å bli ein antirasistisk sone der mangfaldig representasjon etterstevas.
- Hovudutval for opplæring og kompetanse og hovudutval for kultur, idrett og integrering får ansvaret for å følgje opp vedtaka.
- Som ein av dei største arbeidsgjevarane i fylket er det også viktig at Vestland fylkeskommune har merksemd på likeverd i eigen organisasjon. Administrasjonsutvalet får ansvar for å følgje opp det arbeidet på dette området.
Tiltak - kva gjer vi?
I 2026 gjennomfører vi følgjande tiltak som del av prosjektet:
Fagopplæring for lærarar i vidaregåande skule
Vi samarbeider med RVTS Vest og Raftostiftelsen om å revidere og gjennomføre fagopplæringa «Demokratisk danning og inkludering i skulen – Førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme». Opplæringa er tidlegare godt evaluert og vil no bli oppdatert og tilpassa dagens kontekst. Målgruppa er lærarar og tilsette i vidaregåande skule i Vestland fylke.
Arrangement om rasisme i folkebiblioteka
Vi samarbeider med Likestillingssenteret KUN om å utvikle og gjennomføre arrangement om rasisme og hatefulle ytringar i folkebiblioteka i Vestland. Folkebiblioteka fungerer som viktige møtestader og arenaer for samtale og debatt på tvers av grupperingar i lokalsamfunna. Alle dei 43 folkebiblioteka i fylket, samt skulebibliotek ved vidaregåande skular, kan bestille arrangementet.
Spreiing av kunnskap om rasismeveileder.no
Saman med Likestillingssenteret KUN spreier vi kunnskap om rasismeveileder.no – ein rettleiar for dei som har opplevd rasisme og vil vite kva dei kan gjere. Vi trykkjer opp informasjonshefte og deler desse ut til skular, bibliotek og andre relevante møteplassar i fylket.
#BeKind – kampanje mot hets i idretten
Saman med Idrettsklynge Vest, Vestland idrettskrets og Innlandet idrettskrets lagar vi kampanjevideoar med idrettsutøvarar frå Vestland for å fremje bodskapen #BeKind. Idretten skal vere for alle – utan hets og hatefulle kommentarar.
Styrking av tilskotsordninga «Livskvalitet og sosial utjamning»
Vi øyremerker delar av tilskotsordninga «Livskvalitet og sosial utjamning» til kommunar og frivillige organisasjonar som søkjer tilskot til lokalt og regionalt arbeid som førebyggjer og motverkar rasisme og diskriminering, fremjar mangfald og bidreg til kunnskapsutvikling og erfaringsdeling.
Intern kartlegging og kompetanseheving
Hausten 2026 gjennomfører vi ei intern kartlegging i Vestland fylkeskommune ved hjelp av Equality Check sitt kartleggingsverktøy, for å få betre kunnskap om korleis ulike demografiske grupper opplever det å jobbe i fylkeskommunen. Vi inviterer også til føredrag og arbeidsverkstad om rasisme og antirasisme for tilsette.
Styrke i Samspel 2026
Styrke i Samspel samlar aktørar frå heile fylket til fagleg påfyll, erfaringsdeling og nettverksbygging på tvers av sektorar. Konferansen tek opp aktuelle tema innan folkehelse, inkludering og samfunnsutvikling, og er ein god arena for å møte andre som jobbar med liknande spørsmål i Vestland.
I år har konferansen ei eiga sesjon om antirasisme (torsdag 15. Oktober kl. 15:15 - 17:00, spor 3) der vi mellom anna vil dele erfaringar frå arbeidet med Vestland fylke som antirasistisk sone. Dette er ei fin moglegheit til å få meir kunnskap om prosjektet, høyre om konkrete tiltak, og bidra med eigne erfaringar og perspektiv. Vi ynsker å fylle Vestlandssalen med både dei av oss som allereie er engasjert i arbeidet for eit antirasistisk Vestland og dei av oss som treng påfyll for å mobilisere til antirasisme.
Våre samarbeidspartnarar
Arbeidet med å gjere Vestland til ein antirasistisk sone krev samarbeid på tvers av sektorar og fagfelt. Vi samarbeider med ei rekkje organisasjonar og fagmiljø:
Likestillingssenteret KUN
Likestillingssenteret KUN er ein sentral samarbeidspartnar i prosjektet. Vestland fylkeskommune har inngått ein formell samarbeidsavtale med KUN. I 2026 utviklar og gjennomfører KUN arrangement om rasisme og hatefulle ytringar i folkebiblioteka i Vestland, og bidreg til spreiing av kunnskap om rasismeveileder.no.
Les meir om Likestillingssenteret KUN
RVTS Vest
RVTS Vest (Regionalt ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging) er samarbeidspartnar for fagopplæringa retta mot lærarar og tilsette i vidaregåande skule.
Raftostiftelsen
Raftostiftelsen er samarbeidspartnar for fagopplæringa om demokratisk danning, inkludering og førebygging av radikalisering og valdeleg ekstremisme i skulen.
Idrettsklynge Vest og Vestland idrettskrets
Saman med Idrettsklynge Vest og Vestland idrettskrets lagar vi #BeKind-kampanjevideoar for å fremje ein inkluderande idrettskultur fri for hets.
Les meir om Idrettsklynge Vest
Nettverk mot rasisme i Vestland
Vi har etablert «Nettverk mot rasisme i Vestland» – eit fylkeskommunalt samarbeidsforum der kommunar, organisasjonar og relevante offentlege aktørar kan delta. Nettverket er ein viktig arena for erfaringsdeling, kompetansebygging og samarbeid om tiltak mot rasisme i heile fylket. Alle kommunar og organisasjonar i Vestland er velkomne til å delta.
Ta kontakt for meir informasjon om nettverket.
For kommunar og organisasjonar
Kva kan kommunen eller organisasjonen din gjere?
Vestland fylkeskommune ønskjer eit breitt samarbeid med kommunar, frivillige organisasjonar og andre aktørar i arbeidet mot rasisme og diskriminering. Her er nokre konkrete moglegheiter:
Delta i Nettverk mot rasisme i Vestland
Alle kommunar og organisasjonar i Vestland er velkomne til å delta i Nettverk mot rasisme i Vestland. Nettverket er ein arena for erfaringsdeling, kompetansebygging og samarbeid. Ta kontakt for å melde interesse.
Søk tilskot
Vestland fylkeskommune har øyremerkt midlar i tilskotsordninga Livskvalitet og sosial utjamning til lokalt og regionalt arbeid mot rasisme og diskriminering. Kommunar og frivillige organisasjonar kan søkje om tilskot til tiltak som
- førebyggjer og motverkar rasisme og diskriminering
- fremjar mangfald og inkludering
- bidreg til kunnskapsutvikling og erfaringsdeling
Les meir om tilskotsordninga «Livskvalitet og sosial utjamning»
Bestill arrangement til biblioteket
Folkebibliotek og skulebibliotek i vidaregåande skular i Vestland kan bestille arrangement om rasisme og hatefulle ytringar frå Likestillingssenteret KUN. Arrangementet er gratis og inkluderer eit fagleg foredrag og tilrettelegging for open samtale med deltakarane.
Ta kontakt for å bestille arrangement.