Regional plan for klima 2022–2035

Vestland sin eigen klimaplan blei vedteken i fylkestinget 15. desember 2022. Dette er ein regional plan laga etter plan- og bygningslova, og stadfestar at Vestland skal vere ein ansvarleg pådrivar for nullutsleppssamfunnet.

Regional plan for klima 2022-2035 (pdf) er ein overordna og landsiktig plan for klimaarbeidet i Vestland som region fram mot 2035. Klimaplanen er eit verktøy for å styrke klima- og miljøarbeidet i Vestland. Klima og miljø skal vere eit premiss for samfunnsutviklinga, og skal inngå i alt vi gjer. Vestland skal vise vegen mot det gode, berekraftige og trygge nullutsleppsamfunnet. 

Handlingsprogram 2022-2025 (pdf) er eit strategisk dokument som skal synleggjere prioritert innsats i ein kortare periode enn sjølve plandokumentet.

Det er laga ein årsplan for 2024 for å sikre ressursar og plassere ansvar for gjennomføring. Årsplanen blei vedteken i fylkesutvalet 15. februar 2024.

Årsplan 2024 - Regional plan for klima

Vil du lese ein kortversjon av klimaplanen ? I denne vil du finne målformuleringane og skildring av korleis vi skal gjere det i Vestland for å nå måla. Ein engelsk versjon er tilgjengeleg her .

Regional plan for klima gjeld for det geografiske området Vestland, og er forankra i regional planstrategi – Utviklingsplan for Vestland 2020-2024. Den regionale planen skal leggast til grunn for verksemda til regionale organ og for kommunal og statleg planlegging og verksemd i regionen (jf. PBL § 8-2). Klimaplanen blei vedtatt av Vestland fylkesting 15.12.2022 (PS 148/2022). Planen gjeld for 12 år, eller til den vert erstatta av ein ny. 

Regional klimaplan skal gi grunnlag for klimaomstilling av Vestland fylke for å nå målet om eit samfunn med netto nullutslepp, og dette er planen sitt oppdrag. Dette inneber ei brei samfunnsendring der vi både reduserer klimagassutsleppa, samtidig som vi tilpassar oss til dagens og framtida sitt klima, òg tek i vare naturmangfaldet. 

Regional plan for klima 2022–2035 med tilhøyrande handlingsprogram for 2022–2025, har vore på høyring og offentleg ettersyn frå 6. september til 23. oktober. Det kom inn 47 høyringsuttalar.  

Planen og handlingsprogrammet vert omtalt som grundige, godt gjennomarbeida og oversiktelege dokument tufta på eit godt kunnskapsgrunnlag og gode medverknadsprosessar. Det vert også peika på at det er positivt at ein regional plan koplar viktige plantema og kriser, slik som både klimakrisa og naturkrisa. Planen sitt fokus på heilskap og berekraftig utvikling vert trekt fram, spesielt at vi har inkludert indirekte utslepp, klimatilpassing og klimarisiko, sikre naturmangfald og klimarettferdig vert trekt fram som positivt. Samstundes kom det fram forslag til endring, der nokon er tatt til følgje og innarbeida i vedtaksutkastet.  

Klimapartnere Vestland

Klimapartnere Vestland er eit viktig nettverk av partnarskapsverksemder som systematisk arbeider for nullutslepp innan 2030. Partnarskapen er viktig både som samarbeidspart i planprosessen og for å fremje dei gode og grøne løysingane. Klimapartnere vil invitere dei 65 medlemsverksemdene sine til å komme med innspel til klimaplanen og vil fungere som eit viktig bindeledd mellom verksemdene og arbeidet med klimaplanen.

Samarbeidsgrupper

Det er vedteke å etablere to samarbeidsgrupper som del av denne planprosessen, ei politisk og ei regional. Dette er etter mal frå dei to tidlegare fylka, og gruppene vil undervegs fungere som gode diskusjons- og forankringsgrupper og som ressursar i utarbeiding av klimaplanen. Gruppene er tenkt vidareført etter at planen er vedteken, men då som gode samarbeidsarenaer for klimaarbeidet i regionen og oppfølging av vedtekne mål og tiltak.

Regional samarbeidsgruppe

Statens vegvesen, Statsforvaltaren, KS, NVE og Vestland fylkeskommune.

Politisk samarbeidsgruppe

Fylkesvaraordførar Natalia Golis leiar gruppa, som består av ordførarar frå dei ulike regionråda og samarbeidsråda i Vestland, i tillegg til politiske representantar frå Bergensalliansen og Bergen kommune. Vestland ungdomsutval har to deltakarar med i gruppa, då ungdom er ein prioriterte deltakarar i denne prosessen.

Utsleppssanalyse frå CICERO og TØI

CICERO Senter for klimaforsking og Transportøkonomisk institutt (TØI) har på bestilling frå Vestland fylkeskommune gjennomført ein utsleppsanalyse for regionen. Utgreiinga inngår som del av kunnskapsgrunnlaget til regional plan for klima, og gir oss eit bilete av kva resultat vi kan få med ulike tiltak.

Utsleppsanalysen frå CICERO og TØI syner kor mykje klimagassutslepp det er mogleg for Vestland å redusere fram mot 2030. Ein konklusjon er at ambisiøse mål krev modige og radikale tiltak. Det er viktig å streke under at analysen ikkje seier noko om kva som faktisk kjem til å skje, men gir ein peikepinn på kva innsats som krevst for å nå målet om netto nullutslepp i 2030. 

Analysen inkluderer ei referansebane og tre ulike tiltakspakkar. Tiltakspakkane har aukande ambisjonsnivå, i tillegg til aukande potensial for utsleppsreduksjon. Analysen gjeld berre dei direkte klimagassutsleppa frå Vestland, ut frå same tal som Miljødirektoratet presenterer i sitt kommunefordelte klimarekneskap.

Her kan du lese heile utsleppsanalysen frå CICERO og TØI (pdf).

Kunnskapsgrunnlag

Ulike arbeidsgrupper har som del av planprosessen utarbeida eit kunnskapsgrunnlag til klimaplanen. Klimafeltet er breitt, men dette dokumentet inkluderer noko informasjon som grunnlag for vidare diskusjonar.

Les heile kunnskapsgrunnlaget for regional plan for klima 2022–2035 (pdf).

Gjestebod

Som del av medverknadsprosessen til regional plan for klima testa vi ut konseptet gjestebod. Det er ein metode for å få innspel frå innbyggjarane som ikkje vanlegvis stiller på folkemøte eller skriv høyringsuttalar. Slik kan dei kome med direkte innspel til Vestland sin fyrste regionale klimaplan. Det er viktig for oss å lage ein god plan, som befolkninga i Vestland kjenner seg att i, og som vil bidra til eit meir robust og klimavenleg vestlandssamfunn.

Les oppsummering av innkomne innspel her.

Les meir om gjestebodskonseptet her.

Prioritert ungdomsmedverknad

Ungdom er løfta fram som ekstra viktige i medverknadsprosessen når vi skal lage regional klimaplan. Vi har gjennomført eit eige prosjekt for å sikre at innspel frå  ungdomsskular i Vestland vert så målretta som mogeleg. Innspela er relevante både for klimaplanen og for morgondagens vaksne i Vestland.

Vill Mer AS og prosjektleiar Agnes Tvinnereim har reist rundt på tre skular i Vestland. 100 10.-klassingar frå Kaupanger, Meland og Nordbygdo skule har delteke i arbeidet.

Arbeidet er no avslutta, og rapporten frå arbeidet kan de lese her.

Planprogrammet for regional plan for klima var på høyring våren og sommaren 2021. 

Høyringsutkastet blei sendt ut til 199 høyringsinstansar til uttale. Det kom inn 33 skriftlege høyringssvar, i tillegg til munnlege tilbakemeldingar som kom inn gjennom høyringsmøta og planforum. I høyringsperioden blei det arrangert ulike høyringsaktivitetar, inkludert internt dialogmøte i administrasjonen, der til saman m.a. 30 kommunar var, forskingsinstitusjonar innan klimafeltet, samt regional stat var representert. Høyringsfrist blei sett til 18. juni 2021. 8. juni blei utkast til planprogram drøfta i regionalt planforum.

Dersom du ynskjer tilgang til høyringsrapporten frå høyring av planprogrammet, ta kontakt med ida-beate.molmesdal@vlfk.no. Høyringsrapporten syner innkomne innspel og korleis dette er handsama og inkludert i vedtaksutkastet av planprogrammet.