eDialog - send post på ein sikker måte

Med tenesta eDialog kan både privatpersonar og verksemder sende dokument til Vestland fylkeskommune via ein sikker og effektiv kanal.

  • Tenesta krev sikker identifisering som tildømes bankID
  • Data blir overført kryptert
  • Det gir ein sikker identifikasjon av avsendar
  • Dokument blir sende elektronisk og mottekne direkte i vårt system
  • Vi sparar tid på postgang og postregistrering

Du kan nytte eDialog om du

  • skal sende post med konfidensielle opplysningar
  • skal sende dokument til eksisterande sak
  • skal sende andre dokument til sakshandsaming eller journalføring

Du skal ikkje nytte eDialog om

  • fylkeskommunen tilbyr eigne elektroniske skjema til føremålet. (Mange av tilskotsordningane våre har dette)
  • du har generelle førespurnader. Då kan du sende e-post

Nyttig å vite når du fyller ut skjema

  • Gi god omtale av kva sendinga gjeld i tittel. Har du saksnummer frå Vestland fylkeskommune, skriv dette inn saman med tittel på innsendinga
  • Din kommentar blir lagt inn som eit eige vedlegg til sendinga
  • Vurder om sendinga inneheld personsensitive opplysningar
  • Last opp naudsynte vedlegg
  • Du vil få ei kvittering i nettlesar og sendt til e-postadressa di med referansenummer for sendinga

Du kan svare fylkeskommunen via eDialog

Om Vestland fylkeskommune sender brev til deg via Altinn, Digipost eller e-Boks, vil du i oversendinga sjå lenke til eDialog-skjema "Svar på denne forsendelsen". 

Der du kan fylle ut, laste opp vedlegg og sende tilbake. Svaret blir sendt direkte inn i sak-/arkivsystemet på rett sak.