Arealrekneskap

Arealrekneskap er i korte trekk ein oversikt over areala våre. Omgrepet brukast ofte om både det ein kan definere som arealrekneskap, -statistikk og -budsjett. Det går føre seg eit stort utviklingsarbeidet på arealrekneskap i både forskingsmiljø og offentleg sektor, eit arbeid vi er en del av.

Arealrekneskap er eit viktig reiskap i arealplanlegging og -forvaltning. Det gir ein oversikt over areala våre, og samanstiller arealinformasjon om blant anna plan, natur, arealbruk og karbonlagring. Dette er viktig for å kunne ta gode avgjersler kring arealbruk. Bruk av arealrekneskap under planprosessen til kommuneplanen sin arealdel er no en del av nasjonale forventingar, og ligg som ei retningslinje i regional plan for klima 2022–2035.

Vestland fylkeskommune har no  

Under kan du lese meir om dei to prosjekta vi leiar. Dei har kvar si prosjektleiing, men har sterk samordning for å sikre synergiar og samarbeid.

Vestland fylkeskommune, Rogaland FK, Møre og Romsdal FK, NINA og Vestlandsforsking samarbeider om eit innovasjonsprosjekt i offentleg sektor, med støtte frå  Norsk forskingsråd i tre år Fylkeskommunane skal vidareutvikle Agder sin metode for regionalt arealrekneskap, og skal saman finne nye løysingar for visning og analyse av kartfesta kunnskap om areala våre.

NINA vil bruke maskinlæring og fjernmålingsdata til å teste ut nye metodar for å kartlegge naturtypar, etter ein spennande metode som har vore brukt til å kartlegge våtmark. Dette vil bli eit datagrunnlag som vi kan bruke i dei regionale arealrekneskapa for fylka i prosjektet.

Vestlandsforsking vil gjennom spørjeundersøking og djupneintervju undersøka vilkåra for at kunnskap om samspeleffektar mellom klima og naturmangfald blir integrert i ulike avgjerdsprosessar. Altså: korleis kan vi bli flinkare til å ta kunnskapsbaserte avgjerdsler kring arealbruk?

Saman har vi eit heilskapleg prosjekt som ser både på datagrunnlag, verktøy og vilkår for å forbetre avgjerdsprosessar i offentleg sektor.

Prosjektleiar er Kjetil Lygre ved Vestland fylkeskommune.

 

I 2022 fekk vi støtte frå klimasats til å sette i gang et prosjekt for å auke bruk av arealrekneskap i kommunale planprosessar. Saman med kommunane Aurland, Vik, Voss og Sunnfjord skal vi avdekke utfordringar og finne dei gode løysingane for bruk av arealrekneskap i Vestland.

I 2024 planleggar vi to samlingar om arealrekneskap. 29. februar i Førde og 12. mars i Bergen, høvesvis for kommunane nord og sør i fylket. Påmelding er no åpen her for Førde, og her for Bergen. Påmeldingsfrist er 16. februar.

Prosjektleiar er Iselin Helløy