Meld frå om feil på fylkesveg
Her kan du sende inn melding om feil og manglar på fylkesvegen.
Meld frå om skadar, feil eller avvik på fylkesveg i meldingsløyringa. Dei blir behandla etter kvart som meldingar kjem inn. og du kan også sjå meldingar som alt er innrapporterte for å unngå å registrere same feil fleire gonger.
Trafikktryggleik og framkomst til 175
Om du vil melde frå om situasjonar som påverkar trafikken, trafikktryggleiken eller framkomst på vegen, ring Vegtrafikksentralen på tlf. 175.
Slik melder du avvik på vegen
- For å opprette ei ny melding om feil på vegen, bruk løysinga "Feilmelding, fylkesveg" og klikk på "Opprett ny melding" i oppe i ramma.
- Vel ønska tema og plassering i kartet for feilen.
- Vel deretter ein beskrivande kode, som t.d "Hull i veg".
- Fyll ut kontaktinfo. Nedst i skjema kan du legge til ein kommentar om ønskeleg.
- Godta personvernerklæringa og klikk på Send inn.
- Vent nokre sekund og det kjem ei kvittering.
- Legg gjerne ved eit bilde av feilen etter "Send inn", da er det lettare for oss å vurdere saka.
Vi har ikkje høve til å sende svar på e-post med tilbakemelding om saka, men meldinga blir handsama og vurdert i vår kontinuerlege drift av fylkesvegnettet.