Barnefamiliepanelet
Kva fritidsaktivitetar deltar barn og unge i Vestland i? Er det forskjell i deltakinga avhengig av kor dei bur og bakgrunnen til foreldra? Kven deltar og kven fell utanfor? Det er Barnefamiliepanelet med å gje svar på.
Last ned rapporten frå Barnefamiliepanelet 2025 (pdf). Denne vart lansert 2. oktober 2026.
Les om funna i Barnefamiliepanelet 2025 i denne nyheitssaka.
Undersøkinga presenterer barn og unge
- si deltaking i organiserte kulturaktivitetar, idrett og andre aktivitetar
- som publikum på idrettsarrangement, kulturarrangement og andre underhaldningsaktivitetar
- sin bruk av bibliotek, bøker og andre media
Barnefamiliepanelet gir god og nyttig kunnskap om deltaking i fritidsaktivitetar, som kommunane, frivillige organisasjonar og andre fritidsaktørar kan bruke til å planlegge og legge til rette auka deltaking.
I tillegg til rapporten frå Barnefamiliepanelet 2025 kan du lage dine eigne figurar for deltaking i organiserte fritidsaktivitetar, sortert på blant anna kjønn, geografi, aktivitetstype og andre bakgrunnsvariablar. Dette gjer du i statistikkverktøyet PowerBI.
Du kan opne denne i eige vindauge i nettlesaren din ved å trykke på ikonet nedst til høgre.
Barnefamiliepanelet vart gjennomført i heile Vestland for første gong i 2022 og for andre gong i juni 2025. Bergen kommune og Vestland fylkeskommune samarbeider om undersøkinga, som blir sendt ut til alle barnefamiliar i Vestland.