Vil du vere vert for eit gjestebod for klimaomstilling?

Du tenkjer gjerne kaffi og lefse når du høyrer ordet gjestebod? Det kan også inngå i eit klimagjestebod, i tillegg til tankar om klima og klimaomstilling. Vestland fylkeskommune leitar no etter gjestebodsvertar for å bidra med innspel til den nye regionale klimaplanen.

illustrasjonsfoto av folk som sit og snakkar saman i ein kaffikrok
GJESTEBOD: Eit gjestebod i ein medverknadsprosess er når ei mindre gruppe mennske samlar seg og fyller ut eit skjema med innspel. De kan møtast på kafé, på jobb, ute, digitalt, på ein rusletur eller anna. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Medverknadsprosessen i samband med utarbeiding av ny regional plan for klima er i gang. Vestland fylkeskommune prøver ut nye metodar for å få innbyggarane i fylket med.

– Vi ønskjer å ha så mange som mogleg med ulike synsvinklar med i arbeidet for å få ein god og relevant plan for både fylket og folka som bur her. Difor håpar vi mange vil melde seg som gjestebodsvertar, seier Ida-Beate Mølmesdal, som er prosjektleiar for regional plan for klima.

Gjestebodvert? Kva er det?

Ein gjestebodvert er ein som inviterer andre til å sitte saman for å snakke om tema som klima og klimaomstilling av Vestland. Gruppa som snakkar saman kan vere vener, familie, kollegaer eller naboar.

Målet er å få inn innbyggjarane sine meiningar og innspel til planprosessen med regional plan for klima.

Inviter – arranger – send inn

– Vi ønskjer at du inviterer 3–6 gjester, og dette kan arrangerast på mange måtar. De kan møtast heime hjå deg sjølv, digitalt, rusle ein tur, de kan treffast på ein kafé, på jobben eller eit lagsmøte. De vil få tilsendt eit skjema med både informasjon og med spørsmål vi ynskjer at de svarar på, fortel Mølmesdal.

Innspela de kjem opp med i gjestebodet sender gjestebodsverten inn. Fylkeskommunen går så gjennom innkomne innspel og tek med seg dette vidare inn i utkastet til ny regional plan for klima i Vestland.

Les meir om arbeidet med regional klimaplan for Vestland.