Forskingsformidling frå prosjekt i Vestland

Her vil vi dele resultat, innsikt og historier frå forskingsprosjekt som har fått støtte gjennom FORREGION Vestland og Forskingsfinansiering Vestland. Målet er å synleggjere korleis forskingsbasert kunnskap bidreg til innovasjon, verdiskaping og samfunnsutvikling i regionen.

I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet (HVL) har Bu Composite AS gjennomført eit vitskapleg forprosjekt for å teste om takplater laga av resirkulert glassfiber kan oppfylle krava til bruk som byggemateriale. Prosjektet gir Bu Composite eit kunnskapsgrunnlag for vidare produktutvikling og arbeid mot teknisk godkjenning.

Kvart år vert tusenvis av vindmølleblad skifta ut i Europa. Blada er laga av glassfiberkompositt, eit materiale som er svært vanskeleg å resirkulere. Bu Composite AS undersøker om dette avfallet kan bli til byggemateriale.

I samarbeid med Høgskulen på Vestlandet (HVL) har Bu Composite gjennomført eit forprosjekt for å teste om takplater laga av resirkulert glassfiber kan oppfylle krava til bruk som byggemateriale.

Forskarane testa mekanisk styrke ved ulike temperaturar, gjennomførte branntesting og laga ein livssyklusanalyse for å dokumentere miljøfordelane.

Resultata viser at komposittplater med PET-matrise og resirkulert fiber har lovande eigenskapar.

Prosjektet gir Bu Composite eit kunnskapsgrunnlag for vidare produktutvikling og arbeid mot teknisk godkjenning. Målet er å skape ein ny, berekraftig verdikjede som gjer avfall om til nyttige byggemateriale.

Prosjektet er delfinanisert av FORREGION Vestland. 

Foto: Pexels/Damir K.

Framo AS har undersøkt korleis fiskeslam fra oppdrettsnæringa kan utnyttast som ein ressurs i staden for å bli behandla som avfall. Målet har vore å teste ein teknologi kalla hydrotermisk kondensering (HTL), som kan omdanne våt biomasse til energiberarar som bio-olje, biogass og biokull.

Gjennom prosjektet er fiskeslam frå både landbaserte og sjøbaserte oppdrettsanlegg samla inn og analysert. Det er gjennomført forsøk med HTL for å omdanne slammet til nyttige produkt, og desse er videre analysert og behandla for å forstå eigenskapar og moglege bruksområde.

Prosjektet har gitt økt kunnskap om korleis fiskeslam kan inngå i ein meir sirkulær og berekraftig ressursutnytting. Samtidig har arbeidet bidratt til å bygge kompetanse på ny teknologi for handtering og foredling av biologisk avfall.

Prosjektet er delfinansiert av FORREGION Vestland.

Foto: Pexels/Jimmy Ramírez