Kulturkonferansen Vestland 2026

Kulturkonferansen Vestland er møteplassen for alle som er opptekne av kva rolle kulturen skal ha i samfunns- og næringsutviklinga. I år ser vi nærare på tematikken "Frå kulturskule til verdsscene – kor godt lykkast Vestland?"

Artist på mørk scene, sett frå sida.
Foto: Vidar Herre

Vestland fylkeskommune inviterer til Kulturkonferansen 2026 i Bergen 13. november. Her ønskjer vi å samle aktørar frå kulturliv, næringsliv, akademia og offentleg forvalting til faglege samtalar, inspirerande innlegg og gode møte på tvers av sektorar.

Tema for Kulturkonferansen Vestland

På årets konferanse ønskjer vi å setje søkjelyset på korleis vi utviklar kulturnæringa og grunnlaget for henne i Vestland. Vi undersøkjer utviklingstrekk og trendar i kulturnæringa, både i Noreg og internasjonalt.

Kva er behova og moglege tiltak for å utvikle den kreative næringa i regionen vår? Er politikk og verkemiddelapparat tilpassa dagens verkelegheit? Korleis kan vi styrkje det strategiske samarbeidet mellom kulturfeltet, næringslivet og det offentlege? Kva kan vi lære av våre nordiske naboland?

Vidare vil vi utforske korleis vi utviklar talent i Vestland. Alle store kulturnamn har ein stad dei starta. Kanskje var det på eit øvingsrom i kulturskulen, kanskje i eit lokalt band, kanskje framfor eit publikum på ti personar. Vegen frå den spede byrjinga til verdsscena er lang, men han startar alltid ein stad, og ofte er det her, i Vestland.

Utnyttar vi potensialet fullt ut? Kor lykkast vi eigentleg med å dyrke fram talenta våre, og kor må vi trappe opp innsatsen for at Vestland skal bli endå sterkare på kultur og kreativ næring?

Bli med når vi utforskar desse spørsmåla saman med spennande stemmer frå kulturliv, næringsliv og forsking.

Torsdag 12. november: "Avspark Ibsen"

Dagen før kulturkonferansen, torsdag 12. november kl. 13-17, inviterer vi til møteplassen «Avspark Ibsen», arrangementet som sparkar i gang arbeidet med markeringa av Ibsen-jubileet i 2028. Arrangementet er støtta av Nasjonalbiblioteket, og er gratis å delta på.
Les meir og meld deg på 

Målgrupper for Kulturkonferansen Vestland

Aktørar frå kulturliv, næringsliv, akademia og offentleg forvalting.

Program 

  • Registrering og mingling

  • Velkomsthelsing

    ved Jacob Nødseth og Kine Bratli Dale, leiar og nestleiar i hovudutval for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune. Dagens samtaleleiar: Sølve Rydland, politisk redaktør i Bergensavisen.

  • Tema: Kreativ næring i endring

    Korleis endrar rammevilkåra for kreativ næring seg globalt? Vi vil sjå på korleis naboane våre i Danmark og Sverige arbeider med kreative næringar, og kva vi kan lære av kvarandre. Kan vi til dømes oppnå eit betre samspel mellom offentlege verkemiddel og privat kapital?

  • Innlegg: Kreativ næring i ein perfekt storm

    Stormen av teknologiske endringar er over oss. Professor Anne-Britt Gran gir ei innføring i status på kreativ næring i Noreg, pengestraumar og verdiskaping, KI i kreativ næring og utfordringar i talentutviklinga. Gran er professor ved Institutt for kommunikasjon og kultur, Handelshøyskolen BI og leiar av forskingssenteret BI Centre for Creative Industries.

  • Innlegg: Utfordringar og potensial i kreativ næring i Danmark

    Martin Hegaard snakkar om kunst og kreativ næring si moglege rolle i næringslivet, og korleis ein byggjer cases. Han vil også gi oss ei innføring i partnerskap som metode på tvers av fagområde og siloar. Hegaard leiar for utval for kulturnæring, BARC Scandinavia (Business of Art and Culture), Danmark

  • Pause

  • Innlegg: Kva kan vi lære av musikkbransjen i Sverige?

    Linda Portnoff gir perspektiv på korleis Sveriges musikkindustri har utvikla seg, inkludert samspelet mellom offentleg og privat sektor, strukturane som har støtta den internasjonale suksessen, og utfordringane og moglegheitene som ligg framover. Ho vil også fortelje oss om Tangy Market og arbeidet i skjeringspunktet mellom musikk, teknologi og finans. Portnoff er PhD og leiar for Tangy Market, Sverige

  • Samtale: Musikknæringa – behov og tiltak

    Kva er behova og kva kan vere moglege tiltak for å utvikle musikknæringa i regionen vår? Samtale mellom Linda Portnoff; Geir Luedy, made.no; Elise Hessevik, dagleg leiar, Buzzfond med fleire

  • Samtale: Globale utfordringar, lokale løysingar

    Kva for utfordringar er globale, og kva kan vi løyse på lokalt og regionalt nivå for å stimulere kreativ næring? Samtale mellom Anne-Britt Gran; Martin Hegaard; Siv Dyb Wangsmo, dagleg leiar MER FILM AS med fleire

  • Lunsj

  • Kunstnarisk innslag

    TBA

  • Tema: Frå kulturskule til verdsscene

    Kor lykkast vi eigentleg med å dyrke fram talenta våre, og kor må vi trappe opp innsatsen?

  • Innlegg: Rekruttering og utvikling

    Kulturskolerådet ved Jon Raundalen, rektor på kulturskulen i Bergen kommune, presenterer arbeidet med ny modell for fordjupingstilbod i Vestland. Vestnorsk Jazzsenter ved Nina Torske, presenterer satsingar på talentområdet og prosjektet Jazzbalanse. Andreas Roaldsnes, UiB, fortel om rekruttering til talentutvikling og deltaking i kultur, om skilnader mellom kjønn og sosiale forhold som påverkar deltakinga. Hjørdis Losnedahl, leiar for Litteraturhuset i Bergen, presenterer talentutvikling på litteraturfeltet.

  • Pause

  • Samtale: Kva er vi gode på, og kva manglar vi i Vestland?

    Samtale mellom Peter W. Meldahl, dagleg leiar i Rain Games, Dipha Thiruchelvam, festivalsjef og dagleg leiar i Vill Vill Vest; Vegard Moberg, dagleg leiar i Give Music a Chance med fleire

  • Samtale: Frå prat til handling

    Kva skjer med kulturnæringa når rammevilkåra endrar seg? Heng politikken og verkemiddelapparatet med i svingane? Samtale med politikarar frå nasjonalt, regionalt og lokalt nivå, og andre som er med på å setje premissane for vegen vidare.

  • Avslutning

Overnatting

Deltakarane må ordne hotellrom sjølve. Du kan få avtaleprisar på hotella Terminus og Zander K ved å oppgje kodane under. Du må bestille før 11. oktober 2026 for å få avtaleprisane.

Hotel Terminus

E-post: resepsjon@grandterminus.no
Telefon: 55 21 25 00 (tastval resepsjon)
Kode: 4240579

Hotel Zander K

E-post: resepsjon@zanderk.no
Telefon: 55 36 20 40 (tastval resepsjon)
Kode: 434119

Kodane gjeld berre ved direkte bestilling hjå hotella, ikkje via nettsidene til hotella. Etter fristen vert ledige rom frigjevne for ordinært sal, avhengig av tilgjenge.

Musikar med strengeinstrument blant barnehagebarn.
Foto: Vidar Herre