Driftstilskot – kultur og folkehelse

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til drift av etablerte organisasjonar med eit tydeleg føremål innan kunst, kultur, idrett, friluftsliv, inkludering og folkehelse som har ein sterk regional, fylkesfemnande eller nasjonal verdi og hovudaktivitet i Vestland fylke. Søknadsfrist for driftsstøtte i 2025 er 15. april 2024.

Søknad om driftsstøtte er del av budsjettprosessen for følgjande år. Endeleg vedtak om tildeling vert gjort i sektorbudsjett for kultur og folkehelse

Vurdering og tildeling av tilskot skjer i tråd med fylkeskommunale styringsdokument:

  • Utviklingsplan for Vestland 2020-2024
  • Kultur bygger samfunn - regional plan for kultur 2023-2035
  • Handlingsprogram for folkehelse 2022-2025
  • Rettleiar for tildeling av tilskot i Vestland fylkeskommune

Føremål med tilskotsordninga

Gjennom ordninga skal fylkeskommunen fremje og støtte opp under eit aktivt og allsidig sivilsamfunn i fylket innafor kunst, kultur, idrett, friluftsliv, folkehelse og inkludering.

Vestland fylkeskommune gir tilskot til drift av organisasjonar og institusjonar som har ein sterk og tydeleg verdi for kunst, kultur, idrett, friluftsliv, inkludering og folkehelse i heile eller store deler av Vestland fylke. Tilskot til drift er fylkeskommunen sitt viktigaste verkemiddel for å støtte aktørar til å drive verksemd eller utføre oppgåver i tråd med regionale eller nasjonale interesser som fylkeskommunen har eit ansvar for.

Kvar tildeling skal grunngjevast med klår forankring i fylkespolitiske målsettingar. Grunngjevinga skal vere tydeleg formulert og tilgjengeleg, både internt og for allmenta.

Vestland fylkeskommune har fleire ordningar som kan søkjast på for prosjekt og mindre, ev. tidsavgrensa, tiltak innan kunst og kultur, inkludering og mangfald. Her finn du oversikt over alle tilskotsordningane til fylkeskommunen.

Andre relevante tilskotsordningar til drift

Søknadsfrist

Søknadsfrist for driftsstøtte er i april, året før det året ein søkjer driftsstøtte for. Søknadsskjema vert opna og publisert minst ein månad før søknadsfrist, og vert lukka når søknadsfrist går ut kl. 23.59.

Kven kan søke?

Organisasjonar med heilårleg drift, som har eit tydeleg føremål innan eit eller fleire av områda kunst, kultur, idrett, friluftsliv, folkehelse eller inkludering med hovudaktivitet i Vestland fylke. Det er ein føresetnad at verksemda har sterk regional eller nasjonal verdi og/eller funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngd, kvalitet, nyskaping eller særpreg. Organisasjonen kan ikkje ta utbytte.

Kva kan ein få tilskot til?

Driftstilskot er i hovudsak ikkje knytt til eit særskilt tiltak/prosjekt, men gjeld verksemda som heile. 

Tilskotet skal bidra til realiseringa av organisasjonen sine vedtekne føremål og planar, og er grunngjeve ut frå dei fylkespolitiske måla på feltet. Tilskotet skal nyttast til organisasjonen si daglege drift, kjerneoppgåver og innhaldsproduksjon innan fagfelta kunst, kultur, idrett, friluftsliv, inkludering og folkehelse.

Tilskotet er langsiktig og strategisk og går som hovudregel til varige føremål. I dette ligg at verksemda har ei regional tyding, som inneber at fylkeskommunen bør medverke økonomisk til drifta, jamfør politiske vedtekne mål.

Driftstilskot vert berre gitt for eitt år av gongen. Alle som får driftstilskot over Vestland fylkeskommune sitt budsjett må søkje om dette kvart år, innan oppgitt frist. Fristen kunngjerast på fylkeskommunens nettstad minst ein månad før.

Vurdering

I tråd med særlover er det kommunane som skal leggje til rette for og sikre eit breitt lokalt tilbod der folk bur og arbeider. Fylkeskommunen skal ikkje overta eller erstatte det kommunale ansvaret.

Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar, ha oversyn og sikre tilgjenge til meir regionale kultur- og folkehelsetilbod og/eller spesialiserte tilbod med særskild fagleg tyngd, kvalitet og særpreg. Dette gjer fylkeskommunen mellom anna ved å yte driftstilskot til aktørar som har ein sterk og tydeleg verdi for kunst, kultur, idrett, friluftsliv, folkehelse og inkludering i heile eller store deler av Vestland fylke.

I vurderinga av søknader vert det vidare lagt vekt på følgjande omsyn (i uprioritert rekkefølgje):

  • I kva grad organisasjonen har sterk regional eller nasjonal verdi og/eller funksjon i kraft av oppdrag, storleik, fagleg tyngd, kvalitet og særpreg.
  • I kva grad organisasjonen oppfyller satsingar i dei regionale planar og strategiar innan kultur og folkehelse.

For søknadar innan kunst, kultur, idrett, friluftsliv vil det særleg bli lagt vekt på i kva grad organisasjonen har verdi for, og bidreg til ei utvikling av, kulturlivet i heile fylket.

 For søknadar innan folkehelse og inkludering vil det særleg bli lagt vekt på i kva grad organisasjonen bidreg til auka inkludering og betre folkehelse i heile fylket.

Krav til mottakar av driftstilskot

Organisasjonar som tek i mot driftstilskot skal ha heilårleg aktivitet, eit langsiktig perspektiv og eit varig føremål innan kunst, kultur, idrett, friluftsliv, folkehelse eller inkludering. Organisasjonen skal vere operativ og tilgjengeleg også i dei periodane der ein ikkje har naturleg aktivitet.

Det er ein føresetnad for tildelinga at organisasjonen følgjer norske lover, og er open og demokratisk. Verksemda skal ha ei etisk forsvarleg drift. Dette inneber mellom anna:

  • Tilskotsmottakar vektlegg ei mest mogleg berekraftig verksemd, jamfør Sameinte Nasjonar (SN) sine berekraftsmål, og tek særskilt omsyn til klima.
  • Det er ein føresetnad at tilskotsmottakar har ein god kjønnsbalanse i organisasjonen sitt styre.
  • Organisasjonen skal honorere kunstnarar og fagpersonar i tråd med gjeldande avtalar, vederlagsordningar og tilrådde satsar der det er relevant.
  • Organisasjonen skal aktivt leggja til rette for inkludering av alle, uavhengig av t.d. kulturell bakgrunn, funksjonsnivå, sosioøkonomisk status, seksuell orientering, kjønnsuttrykk osb.
  • Det er ein føresetnad at tilskotsmottakarar som har opne publikumsretta aktivitetar, aksepterer og nytter ordninga med følgjekort for personar med nedsett funksjonsevne.

Det er ein føresetnad for tildelinga at organisasjonen har god forretningsskikk og god økonomiforvaltning.

  • Dersom drifta vert vesentleg endra, eller det vert påvist tydelege feil eller manglar, kan heile eller deler av tilskotet krevjast betalt attende. Eventuelle vesentlege endringar frå opplysningar gitt i søknaden skal meldast til avdeling for kultur og folkehelse ved første høve.
  • Styret skal kunne vise til fagleg og administrativ profesjonalitet og at kontinuitet er sikra, uavhengig av enkeltpersonar.
  • Organisasjonen skal vera registrert i Brønnøysundregisteret.
  • Gjennom aktivitetar, informasjonsmateriale m.m. skal det synleggjerast at Vestland fylkeskommune er tilskotsgjevar. For bruk av fylkesvåpenet gå inn på nettsida https://www.vestlandfylke.no/om-oss/grafisk-profil/ Sjekk at de brukar Vestland fylkeskommune sin gjeldande logo, og på rett måte.

 

Søknaden:

  • Søkjar må nytta fylkeskommunen sitt nettbaserte digitale søknadsskjema med relevante opplasta vedlegg.
  • Søknad saman med vedlegg skal sendast gjennom Vestland fylkeskommune sin elektroniske søknadsportal innan søknadsfristen.
  • I tillegg til søknad må det leverast godkjend årsrapport og -rekneskap for førre år. Dette er eit krav for at søknaden skal verte handsama, og fylkeskommunen ber om at de sender dette så snart som mogleg. Eventuell ettersending av vedlegg skal skje snarast og seinast innan tre månader etter søknadsfristen.
  • Søknaden må tilfredsstilla dei til ein kvar tid gjeldande krav og retningslinjer som er fastsett av Vestland fylkeskommune. Søknader som ikkje oppfyller kriteriet for å søkje blir avvist.
  • Minste søknadssum for driftstilskot er kr 50.000.

Rapportering:

  • Tilskotsmottakar sender inn årleg rapport med rekneskap og årsmelding.
  • Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å kontrollere at pengane vert forvalta som føresett. Dei skal og ha tilgang på naudsynte dokument og opplysingar for å kunne gjennomføra ein slik kontroll.
  • Tilskot over kr 300.000 skal reviderast av godkjend eller statsautorisert revisor. Krava til type revisjon differensierast etter tilskotsmottakars organisasjonsstørrelse og -art og er tilpassa fylkeskommunen sitt behov for ekstern stadfesting. Krava vil gå fram av tildelingsbrevet. Unntatt frå dette kravet er organisasjonar som nytter kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan.
  • Mottakarar av driftsstøtte kan bli kalla inn til møter i høve rapportering.

Vedtak om driftstilskot er enkeltvedtak med klagerett jf. forvaltningslova § 28.  

De har høve til å klage på vedtaket innan tre veker etter at de har motteke tildelingsbrev. Ein eventuell klage skal sendast til Vestland fylkeskommune på e-post til post@vlfk.no. Klagen må merkast med saksnummer slik det kjem fram i vedtaksbrevet.

Klagen må innehalde opplysningar om

  • kva vedtak ein klagar på
  • kva endring ein ønskjer
  • kvifor ein klagar
  • andre opplysningar som kan telje med når klagen skal vurderast