Tilskot til statleg sikring av friluftsområde
Tilskotsordninga skal medverke til å at fleire friluftsområde som er viktige for allmennheta skal kunne bli statleg sikra.
Kven kan søkje?
Kommunar og interkommunale friluftsråd kan søkje.
Kva kan du få støtte til?
- Utgifter til kjøp av, eller avtale om varig bruksrett (servituttavtale) til, areal som søkast sikra som friluftslivsområde for allmennheta.
- Sikringskostnader som utgifter til kart og oppmåling, tinglysingsgebyr, dokumentavgift, eventuell advokatbistand, rettsleg skjønn med meir.
- Grunnleggande istandsetting (åtkomst, parkering med meir) av området, slik at det raskt kan tas i bruk
Del av sikringskostnadane kan gjevast i statleg støtte
- Inntil 50 prosent av sikringskostnaden, inklusive omkostningar, for lokale område som i hovudsak nyttast av innbyggjarane i kommunen.
- Inntil 100 prosent av sikringskostnaden, inklusive omkostningar, for regionale område der det er sannsynleg at over halvparten av brukarane kjem frå andre kommunar.
- Inntil 50 prosent av kostnadene ved grunnleggande istandsetting.
Grunnleggande istandsetting av området
Nokre tiltak kan være heilt nødsynte å gjennomføre tidleg for at allmennheta i det heile tatt skal kunne ta i bruk eit område. Kostnadene regnast da som ein del av sikringskostnadane staten kan dekke med inntil 50 prosent.
Eksempel på tiltak kan vere
- opparbeiding av åtkomst
- informasjonstavle
- parkering
- enkelt toalett
- fjerning av bygningar og anlegg
- sikkerheitstiltak
Budsjettsituasjonen, totalt tall på søknader, samla søknadssum og så vidare innverkar på Miljødirektoratets moglegheit til å bidra til grunnleggande istandsettingstiltak ved sikring av nye områder. Sjølve sikringa av friluftslivsområda prioriterast.
Tiltak som er søknadsberettiga gjennom andre tilskotsordningar, som for eksempel spelemiddelordninga, prioriterast som regel ikkje.
Sakshandsaming og vedtak
Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. Forvaltningslova (Fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. Fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter Fvl. Avdeling for Kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.
Søknadskrav, sakshandsaming og vedtak
Vestland fylkeskommune vurderer og prioriterer søknadene før dei vert sendt til Miljødirektoratet for endeleg avgjerd. Søkjarar vert informert om utfallet av søknaden innan 1. juli. Det er ingen klagerett på tildelingar.