Tilskot til nyskapande aktivitetsanlegg

Vi inviterer alle kommunar og vidaregåande skular i Vestland fylke til å søke om tilskot til prosjektering og planlegging av gode og nyskapande møteplassar med søkjelys på fysisk aktivitet.

Stikkord for utlysinga i år er inkludering og sambruk i eit folkehelseperspektiv, og det er ein føresetnad at prosjektet er i tidleg fase av anleggsutviklinga. Ein kan søkje til relevante prosjekt som vert vurdert å passe inn i dei overordna måla med prosjektet. Det vil vere ei overordna satsing på inkludering og sambruk i eit folkehelseperspektiv.

Prosjekta som blir valt ut skal ha meirverdi som modell/førebilete ut over verdien for sitt nærmiljø. Døme på prosjekt som kan bli med: utandørs aktivitetsanlegg, utandørs skuleområde, innandørs idretts/ aktivitetshall eller fleirbrukshus med kultur-, samfunns og aktivitetsfunksjonar. Søknadsfristen er 15. mai 2024.

illustrasjonsfoto frå ulike idrettshallar
Foto: Lokale og Anlægsfonden

Lågterskeltilbod for fysisk aktivitet

Prosjektet Nyskapande aktivitetsanlegg er ei målretta satsing på gode lokale møteplassar med varierte og attraktive lågterskeltilbod for fysisk aktivitet. Møteplassane skal bygge på arkitektur av høg standard og vere nyskapande i funksjon, organisering og aktivitetar og bli naturlege samlingsstadar i lokalsamfunnet.

Prosess

Etter fristen blir inntil åtte kommunar/prosjekt valde ut på bakgrunn av søknadane. Dei utvalde prosjekta får tilbod om oppfølging og rettleiing frå Vestland fylkeskommune, Lokale og Anlægsfonden og Tverga. Etter ein fase med arbeid med blant anna interessentanalysar, kartlegging og visjon for prosjektet vil det bli gjort eit siste val, av inntil fire kommunar/prosjekt til siste runde.

Vestland fylkeskommune koordinerer og finansierer arkitektkompetanse til prosjektering, som vert kopla på kvart av prosjekta som er igjen til slutt. Det er denne finansieringa og koordineringa som er tilskotet til kommunane. Det er med andre ord ikkje snakk om ei konkret utbetaling til kommunane.

Kven kan søkje?

  • kommunane i Vestland
  • Vestland fylkeskommune, når det gjeld anlegg knytt til vidaregåande skular
  • idrettslag, dersom det er etablert samarbeid med kommunen

Kva får ikkje støtte?

  • ferdig prosjekterte prosjekt
  • detaljprosjektering – byggeklare teikningar
  • realisering av bygget/ byggekostnadar

Søknadsfrist

15. mai 2024.

Sakshandsaming og vedtak

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune. Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. Forvaltningslova (Fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. Fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter Fvl. Avdeling for Kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i Hovudutval for kultur, idrett og inkludering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

  • Reelt behov: Kommunen må vise til behovsvurderingar for å etablere denne type anlegg
  • Tverrfagleg samarbeid: Det må opprettast ein arbeidsgruppe, breitt samansett av lokale aktørar frå ulike sektorar i kommunen (både administrativt og politisk)
  • Prosjektskisse: samarbeidsgruppa lagar saman ein prosjektskisse som skal skildre utfordringar, behov som skal løysast, og kva ambisjonar de har for dykkar prosjekt - innanfor folkehelse, berekraft og inkludering
  • Forankring: Søknad og prosjekt må vere forankra administrativt og politisk, og helst i ein kommunal plan
  • Interessentanalyse: Det må utarbeidast ein interessentanalyse over alle som kan tenkjast å ha ei interesse i prosjektet, eller som kan foventast å bli påverka av prosjektet. Denne treng ikkje vere ferdig, men kan vidareutviklast gjennom prosjektet
  • Finansiering: Det er ikkje krav om ferdig finansiering, men kommunen må vise til plan for finansiering og eventuelle eksterne finansieringskjelder
  • tilgang på kompetanse på prosess og design av nyskapande uteområde (Lokale- og Anlægsfonden, Tverga og ev. arkitektfirma med rett kompetanse)
  • rådgjeving, nettverk og kunnskapsdeling med andre kommunar med tilsvarande utfordringar og høve
  • evaluering av arbeidet
  • finansiering av arkitektkompetanse for prosjektering og gjennomføring av medverknadsprosess (gjeld dei som vert valde ut i siste utval). Det er dette som er det økonomiske tilskotet til dei som blir valde ut.

Det overordna målet for prosjektet er todelt:

  • Få fram eksempelanlegg av nyskapande karakter med høg funksjonell kvalitet og som kan inspirere den framtidige utviklinga av anlegg for idrett og fysisk aktivitet. Anlegga skal svare på lokale problemstillingar, men samstundes ha nasjonal
  • Å skape overføringsverdi til andre kommunale og fylkeskommunale prosjekt i måten ein jobbar på, og påverke både politikk og innretting av statlege, fylkeskommunale og kommunale verkemiddel

Delmål i prosjektet:

  • Ferdigstille inntil 12 modellanlegg etter avslutta prosjektperiode
  • Produsere forskingsbasert kunnskap om barn og unge sine aktivitetsvanar og anleggsbehov
  • Auke kompetansen på anleggsutvikling i arkitektmiljø i Vestland fylke
  • Endre nasjonal politikk og innretting av tilskotsordningar for anleggsutvikling
  • Vere motivert for å delta i ein spennande og lærerik prosess
  • Deltaking på samlingar og bidra med kunnskapsdeling, erfaringsutveksling og evaluering
  • Visjonsarbeid – visjonen for prosjektet må ta omsyn til at vanar og bruksmønster er i konstant endring. Ein må vere open for å inkludere andre kultur- og fritidsaktivitetar
  • Lokalt engasjement – prosjektet må vise til solid lokalt engasjement og forankring både i frivilligheit og administrativt i kommunen
  • Kvalitet – ambisjonar om eit bygg med høge arkitektoniske og byggtekniske kvalitetar må ligge til grunn i prosjektet
  • Fleksibilitet – prosjektet må vere ope for moglegheiter både i høve moglege aktørar og romforløp. Same areal kan ha fleire funksjonar og ulike brukargrupper.
  • Berekraft – sosial, miljømessig og økonomisk skal ligge til grunn for prosjektet.