Tilskot til brannsikring av tette trehusmiljø med kulturhistorisk verdi

Brann er ein stor trussel for tette trehusmiljø. Tilskotsordninga skal bidra til den nasjonale målsetjinga om at uerstattelege nasjonale kulturverdiar ikkje skal gå tapt i brann. Søknadsfristen er 1. november.

Brannutsette, tette trehusområde med kulturhistorisk verdi er ein type verneverdige kulturmiljø vi finn spreidd over heile landet. I Vestland er det definert 30 tette trehusområde som har rett til å søkje tilskot til brannsikring.

Oversikt over trehusområda i Vestland som har rett til å søkje tilskot til brannsikring.

Kven kan søke?

Eigarar av bygninger/anlegg i dei 30 tette trehusområda kan søke tilskot. Kommunar med tette trehusområde kan også søke tilskot.

Tiltaka som får støtte, må vere fellestiltak som styrker brannsikringa i heile området. Kommunar og brannstell med ansvar for brannsikring i tette trehusområde, kan søke tilskot. Eigarar eller brukarar av bygningar/anlegg i dei tette trehusområda kan søke tilskot dersom tiltaka omfattar alle eigedommane innanfor området.

Ein kan som hovudregel ikkje søkje om brannsikringstiltak som berre gjeld ein enkelt eigedom i brannsmitteområdet.

Kva kan du få støtte til?

Fylkeskommunen fordeler midlane innanfor fylgjande hovedkategoriar:

  • Oppdage brann
  • Hindre spreiing av brann
  • Enkel sløkking
  • Utarbeide brannsikringsplan

Fylkeskommunen fastset tilskotet ut fra følgjande prioriteringar:

  1. den kulturhistoriske verdien til trehusområda
  2. kor tilgjengeleg området er for brannstellet, og risikoen for at ein brann vil spreie seg
  3. kor effektive tiltaka er for å oppdage, hindre spreiing og sløkke brann, særleg i område der det er stor avstand til brannstellet
  4. om ein prøver ut nye metodar som har overføringsverdi til andre område.

Korleis søkjer du?

Du søkjer gjennom søknadssystemet Digisak.

Søknadsfrist

1. november