Tilskot til Frivilligåret 2022
Tilskot frå denne ordninga gjekk til regionale markeringar av Frivilligåret 2022 i Vestland fylke.
Dei som fekk tilskot skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månadar etter at tiltaket er gjennomført. Gå til rapporteringsskjema.
Tiltaka og markeringane det blir søkt om tilskot til skal synleggjere frivilligheita, auke rekrutteringa og styrke samarbeidet mellom regionale frivillige organisasjonar.
Kven kan søke?
Ordninga gjeld for regionale frivillige organisasjonar eller paraplyorganisasjonar som er registrerte i Frivilligheitsregisteret. Organisasjonen må ha lokale lag/ledd i minst tre kommunar i Vestland. Lokale organisasjonar som ikkje er tilslutta ein regional organisasjon og som inviterer til større markeringar med breitt regionalt nedslagsfelt kan også søkje på ordninga.
Kva kan du få støtte til?
Organisasjonane kan få tilskot til regionale markeringar av frivilligåret. Tiltaket skal gje varige effektar i form av auka deltaking og rekruttering, nedbygging av barrierar og styrka samarbeid mellom organisasjonar.
Fylkeskommunen si rolle er å vere ein regional utviklar, så tiltaket må ha regional verdi og nedslagsfelt. Det kan søkjast om inntil 100 000 kr til tiltaket.
Vurdering
Søknadene blir vurdert ut i frå følgjande kriterium:
- Tiltaket sin regionale verdi. Feiringar og markeringar med breitt geografisk nedslagsfelt blir prioriterte.
- I kva grad tiltaket er med å synleggjere frivilligheita i Vestland.
- Om tiltaket har mål om auka deltaking, rekruttering av nye frivillige og reduksjon av barrierar for deltaking.
- Om tiltaket vil styrke samarbeidet mellom regionale frivillige organisasjonar. Samarbeidstiltak mellom fleire regionale organisasjonar blir prioriterte.
Ein søknad må ikkje oppfylle alle vurderingskriteria, men dess fleire av desse som er oppfylte, dess meir relevant er søknaden for ordninga. Fylkeskommunen har mål om at midlane blir godt fordelte geografisk og mellom organisasjonar innan ulike fagområde.
Krav til søknaden
Søknaden må sendast inn til fylkeskommunen via digitalt søknadsskjema og må innehalde
- presentasjon av tiltaket sitt føremål og regionale verdi
- presentasjon av korleis tiltaket skal synleggjere frivilligheita, bidra til fleire frivillige og deltakarar, reduserer barrierar og styrke samarbeidet mellom organisasjonar
- budsjett for tiltaket