Tilskot til drift av regionale barne- og ungdomsorganisasjonar
Ordninga skal leggje til rette for at barn og ungdom kan delta og engasjere seg i organisasjons- og samfunnslivet. Søknadsfristen er utsett til 3. juni 2024.
Driftstilskotet skal styrke organisasjonen sitt arbeid med demokratiskulering, organisasjonsutvikling og organisasjonsopplæring av barn og ungdom, og legge til rette for at medlemene sjølve styrer organisasjonen.
Kven kan søke?
Støtteordninga er for frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar med regionalt virke. Organisasjonen må ha regionalt virke og ha minst 50 teljande medlemer i Vestland fylke.
Regionale barne- og ungdomsorganisasjonar som får støtte til drifta gjennom andre fylkeskommunale eller statlege tilskotsordningar, får ikkje støtte gjennom denne ordninga.
Meir informasjon i retningslinjene (pdf).
Søknadsfrist
Søknadsfristen er utsett til 3. juni 2024.
Vurdering
Søknaden blir vurdert ut i frå følgjande kriterium:
- Kor mange teljande medlemer organisasjonen har under 26 år. For å vere teljande, må medlemen ha betalt kontingenten det føregåande året.
- Kor mange kommunar i Vestland den regionale organisasjonen har aktivitet gjennom lokallag.
- Kor mange lokallag som er tilslutta organisasjonen sitt regionale ledd.
- Kor stor del av medlemsmassen som er under 26 år. Barn og unge må vere hovudmålgruppa til organisasjonen.
- Om organisasjonen har tilsette.
- Organisasjonen sitt aktivitetsnivå og utviklingsarbeid.
- Organisasjonen sitt opplæringsarbeid og arbeid med skulering i demokrati.
- Organisasjonen sine samarbeidstiltak med andre organisasjonar og grupper.
- I kva grad organisasjonen oppfyller mål og satsingar i regional plan for kultur 2023-2035, Kultur bygger samfunn.
50 prosent av tilskotet til kvar enkelt søkjar er basert på ei kvantitativ vurdering som gjeld punkta 1 til 5 ovanfor. Resterande 50 prosent av tilskotet er basert på ei kvalitativ vurdering som gjeld punkta 6 til 9.
Krav til søkjar
Dei regionale frivillige organisasjonane som blir tildelt støtte, må gjennom vedtektene
- vere medlemsbaserte, demokratiske og ha aktivitet for barn og unge under 26 år som hovudmålgruppe
- gje medlemene i organisasjonen fulle demokratiske rettar frå fylte 15 år. Medlemer under 15 år må også ha reell moglegheit til å påverke i organisasjonen
- ha eit tydeleg føremål, sjølvstende, organisasjonsform og oppbygging for fylkesledd / regionalledd
- vise til at organisasjonen er fylkes-/ regionalt ledd som koordinerer aktivitet for lokallag i Vestland
- vise til at organisasjonen har eit ideelt (ikkje-kommersielt) mål og vil fremje føremålet til støtteordninga
- vise til at organisasjonen ikkje skapar hinder for full deltaking for barn og ungdom frå alle samfunnsgrupper, uavhengig av kjønn, etnisitet, nedsett funksjonsevne eller seksuell orientering
Det vert ikkje gitt støtte til
- organisasjonar som har idrett/sport eller mosjon som sin hovudaktivitet
- organisasjonar som har kommersielle aktivitetar som sin hovudaktivitet
- organisasjonar som har diskriminerande innhald i vedtektene sine og/eller i aktivitetar
- organisasjonar med tidsavgrensa føremål
- særorganisasjonar for barn og unge under utdanning
- organisasjonar som har aktivitetar som er knytt til eller integrert i utdanningstilboda si undervisning
- organisasjonar som får driftstilskot gjennom andre støtteordningar og etter budsjettvedtak i Vestland fylkeskommune
- organisasjonar som kan få driftstilskot frå statlege organ på regionale nivå, t.d. politiske parti og trus- og livssynssamfunn
Krav til søknaden
Søknaden skal sendast inn til Vestland fylkeskommune via elektronisk søknadsskjema, saman med
- budsjett og arbeidsprogram for komande periode
- siste godkjente årsmelding og rekneskap
- vedtekter for organisasjonen