Den kulturelle spaserstokken
Den kulturelle spaserstokken er ei ordning der kommunane kan søkje tilskot til profesjonell kunst- og kulturformidling tilpassa eldre.
Spaserstokken skal leggje til rette for auka samarbeid mellom kultur- og omsorgssektoren. Slik kan gode kunst- og kulturprosjekt for eldre lokalt bli utvikla innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk.
Det er kommunane som kan søkje på midlane i Den kulturelle spaserstokken. Søknadsfrist er 1. juni 2024. Same frist gjeld for rapport av tiltak for 2023.
Tildeling i september
Tildeling vert vedteke i september 2024. Løyvingane skal hovudsakleg nyttast til profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet, gjerne i samarbeid med kunst- og kulturinstitusjonar, kunstnarar og andre kulturaktørar på lokalt eller regionalt nivå. Det er svært viktig at kulturtilbodet er tilpassa eldre, er tilgjengeleg på arenaer der dei har dagleglivet sitt, og at det er eit godt samarbeid mellom kultur- og helsesektoren.
Det er sett av 4 917 000 kr til Den kulturelle spaserstokken i budsjettet for 2024.
Vil styrke og utvikle spaserstokken
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering har vedteke at ordninga med Den kulturelle spaserstokken bør både styrkast og utviklast for å møte behova til ei veksande gruppe eldre. Hovudmålet med ordninga skal framleis vere profesjonell kunst- og kulturformidling, og ho skal stimulere til auka aktivitet og deltaking.
For å styrke og utvikle ordninga, meiner hovudutvalet at fylkeskommunen bør styrke samarbeidet med kommunane og helse- og omsorgssektoren når det gjeld arbeidet med Den kulturelle spaserstokken.
Evaluering av søknadane
Den kulturelle spaserstokken skal
- sørgje for profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet til eldre
- leggje til rette for auka samarbeid mellom kultursektoren og helse- og omsorgssektoren, slik kan det utviklast gode kunst- og kulturprosjekt lokalt, innanfor eit mangfald av sjangrar og uttrykk
- medverke til at eldre får eit tilpassa kultur tilbod på arenaer der dei dei held til i dagleglivet
Kriterium for tildeling
Ved tildelinga skal kvantitative og kvalitative kriterium vektleggast høvesvis 80 og 20 prosent.
Kvantitative (80 prosent)
- tal på innbyggjarar over 67 år i kommunen (vekting 60 prosent)
- del av befolkninga som er over 67 år (vekting 10 prosent)
- areal (vekting 10 prosent)
Kvalitative (20 prosent)
- tiltak/programinnhald
- nyskaping
- samarbeid
- gjennomføringsevne
- tilbod til mange
Rapportering
Kommunane som får tilskot frå den kulturelle spaserstokken, må rapportere om korleis dei har brukt pengane. Fylkeskommunen betaler ikkje ut nye tilskot før kommunane har rapportert om tidlegare mottekne midlar.
Rapport skal leggjast ved som vedlegg til søknaden.
Korona
Rapporter om avlyste arrangement og ubrukte midlar dersom dette er grunna korona.