Tilskot til inkluderings- og integreringsfremjande tiltak
Målet med tilskotsordninga er å stimulere til brei samfunnsdeltaking og å bygge ned hinder som stengjer for dette. Ordninga skal bidra til å motverke utanforskap, og stimulere til variasjon og mangfald i tilbod og aktivitetar.
Gjennom ordninga skal vi også fremme kunnskap om og respekt for ulike kulturar, demokrati og menneskerettar. Tilskotsordninga skal bidra til å bygge opp under fylkeskommunen sine mål og arbeid på området inkludering og mangfald.
Prioriteringar og vurderingar
Vi prioriterer integreringsfremjande tiltak, og då særleg tiltak og prosjekt som ikkje naturleg fell inn under tilskotsordningane til andre fagavdelingar i fylkeskommunen. Vi vurderer tiltak som når personar med fleire minoritetsstatusar særleg positivt.
Det er positivt om søkjarar kan vise til samarbeid med andre aktørar og/eller på tvers av fleire fagfelt. Søkjar må vere fylkesdekkande, eller i det minste dekke store delar av fylket (regionalt nedslagsfelt).
Relevante vurderingspunkt
- Regionalt nedslagsfelt
- Tverrfagleg fokus
- Samarbeid med andre aktørar
- Samfunnsdeltaking
- Motverke utanforskap
- Variasjon i tilbod og aktivitetar
- Kunnskap om, og respekt for ulike kulturar
- Bygge opp under fylkeskommunens mål
- Integreringsfremjande
- Nå dei med fleire minoritetsstatusar
Avdeling for kultur og folkehelse førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i hovudutval for kultur, idrett og integrering. Kvar søknad er eit einskildvedtak og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik frå avdelingsdirektør si innstilling skal også grunngjevast. Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan fire veker etter søknadsfristen.
Kven kan søke?
- Offentlege verksemder
- Organisasjonar i privat sektor med relevant fagekspertise
- Frivillige organisasjonar som er registrert i Frivilligheitsregisteret
Ein kan søke om tilskot einskildvis eller i samarbeid med andre.
Dette må sendast inn til fylkeskommunen
Søknaden skal innehalde:
- Informasjon om søkjar
- Skildring av prosjektet
- Målgruppe for prosjektet
- Korleis ein skal nå målgruppa
- Korleis arbeidet er planlagt gjennomført
- Eventuelle samarbeidspartar – korleis tek dei del i prosjektet?
- Budsjett og finansieringsplan
- Forventa resultat/målsetting
- Eventuelle tidlegare resultat
- Geografisk nedslagsfelt (når prosjektet innbyggjarar i fleire kommunar?)
Vedlegg som må sendast inn:
- Godkjend årsrekneskap
- HMS-erklæring
- Attest for skatt og meirverdavgift som ikkje er eldre enn 6 månadar gammal ved søknadsfristen.
Søknaden skal underteiknast av leiar eller generalsekretær for verksemda.
Oppfølging og rapportering
Den som får tilskot skal rapportere om resultat- og måloppnåing og legge fram rekneskap.
Tiltaket skal gjennomførast på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til sakshandsamar for vurdering og godkjenning.
Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført. Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte. De kan søkje om utsetting av rapportering. De søker om utsetting skriftleg til Vestland fylkeskommune.
Dersom de ikkje nyttar tilskotet til formålet, eller de ikkje kan bruka alle midlane innan tilskotsperioden, skal de betale tilbake midlane. Vilkår for for dette framgår av tilskotsbrevet.
Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll med at pengane vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til naudsynte dokument og opplysingar.
Klage
De kan klage på vedtaket etter forvaltningslova § 28.
Søkjar kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vert rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket.
Den fylkeskommunale klagenemnda er klageinstans, og kan rettleie klager om ynskjeleg. Ei klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til at det vert klaga og kva endringar ein meiner bør gjerast.
Klagen skal sendast til Vestland fylkeskommune på post@vlfk.no merka ‘Tilskot til inkluderings- og integreringsfremjande tiltak’.