Tilskot til regionale ungdomsparti
Tilskotet skal styrke dei politiske ungdomsorganisasjonane i Vestland.
Tilskot til regionale partipolitiske ungdomsorganisasjonar skal styrke dei politiske ungdomsorganisasjonane i Vestland og slik bidra til auka politisk deltaking blant unge i fylket.
Ordninga skal stimulere organisasjonane som arena for deltaking, engasjement og ansvar.
Slik vil fylkeskommunen fremje medverknad, inkludering, samfunnsinnsikt, ytringsfridom og demokrati.
Kven får tilskot
Støtteordninga er meint for dei regionale ungdomspolitiske organisasjonane der moderpartiet har eitt eller fleire medlemmer i Vestland fylkesting
Krav til søkjar
- Søkjar skal ha organisasjonsnummer og vere registrert i Brønnøysundregisteret
- Moderpartiet skal vere representert i Vestland fylkesting
Følgjande dokumentasjon må liggje ved søknaden:
- Årsmøtereferat
- Årsrapport frå året før søknadsåret
- Godkjent rekneskap frå året før søknadsåret
Søknadsfrist
Ny søknadsfrist 1. oktober 2024.
Fordeling av midlane
Dei organisasjonane som sender inn søknad innan fristen og stettar krava, skal tildelast eit grunnbeløp på 20 000 kr.
Det resterande beløpet blir fordelt mellom ungdomsparti/organisasjonar etter følgjande formel:
Moderpartiet sitt valresultat/summen av prosent på dei organisasjonen som stettar krava)x(avsett sum til føremålet-samla sum av grunnbeløpa som vert utbetalt))