Bli lærling eller lærekandidat

Ein lærling er ein arbeidstakar under utdanning. Å vere lærling betyr at du får opplæring i eit fag som fører fram til eit bestemt yrke og at du får fag- eller sveinebrev i faget. 

Ein lærekandidat får opplæring i delar av læreplanen ut frå individuelle evner. Målet er at lærekandidaten skal oppnå så høg kompetanse som mogleg og bli best mogleg kvalifisert for arbeidslivet. Handbok for lærekandidatar.

Du får ikkje tildelt ein læreplass. Du må søkje om læreplass gjennom Vigo før 1.mars. Du kan søkje læreplass heile året, men om du ønskjer å søkje gjennom Vigo, må det skje før 1.mars.

Du er ikkje garantert læreplass når du søkjer i Vigo. Difor må du i tillegg sjølv vere aktiv og kontakte moglege lærebedrifter. Send søknad og CV direkte til bedrifta. Du kan søkje læreplass heile året.

Har du inngått avtale om læreplass med ei bedrift må du likevel registrere ønskje i Vigo. 

Du kan berre teikne lærekontrakt med ei bedrift som er godtkjent lærebedrift. Du finn oversikt over desse bedriftene på vilbli.no. 

Godkjente lærebedrifter i Vestland

Dersom du:

  • takkar nei til læreplass, vil du ikkje få anna tilbod frå fylkeskommunen.
  • har søkt skuleplass (til dømes påbygg) på lågare ønskje enn læreplass, får tilbod og takkar nei, vil du ikkje få anna tilbod frå fylkeskommunen, som til dømes alternativ Vg3-opplæring i skule.
  • er kvalifisert søkjar med ungdomsrett og ikkje har fått tilbod om læreplass eller skuleplass, kan du få tilbod om alternativ Vg3-opplæring i skule i heimfylket eller eit anna fylke
  • har bestått fag- eller sveinebrev har du rett til eitt år Påbygg til generell studiekompetanse ut det året du fyller 24

Viktige datoar ved søking via Vigo

  • 1. mars er søknadsfrist for å søkje læreplass gjennom Vigo.
  • Ca. 20. juni blir alle søkjarar som ikkje har ungdomsrett og som ikkje har fått læreplass tatt ut av formidlinga.
  • Ca. 1. august mottar alle søkjarar som ikkje har fått læreplass og ikkje er kvalifisert ein invitasjon til undervisning for å ta manglande fag på nytt. Dei som har meir enn to stryk, Ikkje vurdert (IV) i fellesfag, stryk i programfag eller stryk i tverrfagleg eksamen blir rekna som ikkje kvalifiserte.
  • 15. august tar Vestland fylkeskommune kontakt med alle kvalifiserte søkjarar med ungdomsrett som ikkje har fått læreplass. Då er det svært viktig at du svarer oss dersom du framleis ønskjer læreplass. Dersom du ikkje svarer, får du ikkje anna tilbod.

Du kan få yrkeskompetanse på fleire måtar. Dersom du er usikker på kva utdanningsløp du kan velje kan du få hjelp på sida "Veien til fagbrev" på Utdanning.no

Den vanlegaste vegen til fagbrev er å gå 2-3 år på vidaregåande skule og deretter 2-3 år i lære før ein fag- eller sveineprøve.

Full opplæring i bedrift

Du kan ta full opplæring i bedrift. Opplæringstida blir då fire år i dei fleste fag. Du må sjølv finne ei godkjend lærebedrift som vil ta ansvar for å lære deg opp.

I denne ordninga må du ta fellesfag og programfag på skulen undervegs i læretida.

TAF/YSK

Tekniske og allmenne fag (TAF)/Yrkes- og studiekompetanse(YSK) er ei fire-årig utdanning som både gir studiekompetanse og fagbrev.

Under utdanninga kombinerer du arbeid i bedrift med skule.

Dei første to åra har du status som elev, dei to siste er du lærling med lærekontrakt.

Les meir om ordninga på taf.no

Du kan bli lærling når som helst på året og uansett kor gammal du er. Det viktige er at du sjølv skaffar deg ein læreplass i ei godkjent lærebedrift.

Lærekontrakt

For å bli lærling må du inngå ein lærekontrakt med ei godkjend lærebedrift. Vi må godkjenne lærekontrakten, og det er bedrifta som har ansvar for å innhente denne godkjenninga.

Rutine for godkjenning av opplæringskontrakt for lærekandidatar

Fag- og sveineprøve

Når læretida er over går du opp til ein fag- eller sveineprøve. Dette markerer avsluttinga på utdanningsløpet som til vanleg består av to år i skule og to år i lære.

Står du på fag- eller sveineprøven får du yrkeskompetanse i faget ditt. Fag- og sveinebrevet er beviset på at du har denne kompetansen.

Som lærling pliktar du å ta imot rettleiing og informasjon frå lærebedrifta. Du har også rettar. Som lærling er under opplæring samtidig som du er arbeidstakar. Difor inneheld både opplæringslova og arbeidsmiljøloven rettar som gjeld for deg.

Løn, lån og stipend

Løn under utdanning skal avtalast med lærebedrifta. Som lærling kan du søkje om stipend og lån frå Lånekassen.

Spesialundervisning for lærekandidatar

Lærekandidatar har rett til å søkje spesialundervising (jf § 4-2 i Opplæringslova), dersom det ordinære opplæringsløpet ikkje gir tilfredsstillande utbyte.

Før du kan få spesialundervising må du ha ei sakkunnig vurdering.

Meir om rutina for spesialundervisning og saksbehandling

Rabatt på reiser

I Vestland fylkeskommune får lærlingar og lærekandidatar studentrabatt på kollektivtransport. Du må dokumentere at du har godkjend lærekontrakt.

Les meir på Skyss.no

Påbygg til generell studiekompetanse

Alle som har fullført yrkesfagleg utdanning har rett til å ta påbygg for studiekompetanse innan året dei fyller 24 år.

Les meir om dette på vilbli.no

Meir informasjon

Du kan lese meir på nettsida til Elev- og lærlingombodet.

Når eit dokument blir sendt til deg frå Vestland fylkeskommune, mottar du e-post eller tekstmelding frå Posten si signeringsteneste. E-posten eller tekstmeldinga inneheld ei lenke til Posten si signeringsteneste.

E-postadresse og mobilnummer blir henta frå vigo, og det er derfor viktig at du har registrert rette opplysningar der. 

Det er Posten som administrerer signeringsløysinga for digitale dokument. På Digitaliseringsdirektoratet si heimeside finn du framgangsmåten for signering.

Får du problem med digital signatur, kan du kontakte dei som sendte dokumentet til deg.

Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med rettleiingstenesta som ligg nærast der du bur. 

Som lærling i Vestland kan du ta delar av læretida i eit anna europeisk land. Opplæringskontoret eller lærebedrifta di kan søkje om midlar til dette gjennom Erasmus+ på vegne av deg. 

Les meir om Erasmus+