Søk midlar til praksisopphald og kompetanseutvikling gjennom Erasmus+

Via fylkeskommunen kan du søke om midlar til praksisopphald for elevar og lærlingar, deltaking i internasjonale yrkeskonkurransar, hospitering i skule eller i bedrift, delta på kurs eller invitere ein ekspert frå utlandet til Noreg.

Kven kan søkje?

Vidaregåande skular, opplæringskontor og lærebedrifter kan søkje på vegne av elevar, lærarar, lærlingar og opplæringsansvarlege.

Kva kan du få støtte til?

De kan få støtte til reise og opphald, og kursavgift i samband med aktivitetar som:

  • Praksisopphald i Europa for yrkesfagelevar (YFF)
  • Lærlingar kan ta delar av læretida si i Europa
  • Yrkesfaglærarar og opplæringsansvarlege kan hospitere eller undervise i ulike skular eller bedrifter i Europa
  • Skulen, opplæringskontoret eller lærebedrifta kan invitere ein ekspert frå utlandet til Noreg eller delta på kurs i Europa

Nærare forklaring på aktivitetar/tiltak finn du nedst på sida under overskrifta "Godkjende aktivitetar/tiltak i Erasmus+".

Gode grunnar til å delta i Erasmus+

  • Du vil få arbeidserfaring i eit internasjonalt miljø
  • Du vil få utvida fagkunnskap
  • Du vil få utvida interkulturell kompetanse
  • Du vil få utvida språkerfaring
  • Du vil få inspirasjon og motivasjon, og bidra til kvalitetsutvikling i undervisning og opplæring
  • Du får moglegheit til å utveksle erfaringar og kunnskap med kollegaer i ein internasjonal kontekst

Slik søkjer du

Fylkeskommunen sender inne ein fellessøknad som skular og opplæringskontor/lærebedrifter kan delta i.  For å delta sender de inn ein forenkla søknad til oss ved å bruke skjemaet under. Hugs vedlegg.

Søknadsskjema.

Vedlegg som må følgje med søknaden:

Signaturskjema - VET (Fag- og yrkesopplæring)

Fristar

Søknadsfrist er 10. februar 2023.

Erasmus+ er verdas største utdannings- og opplæringsprogram, og gjer det mogleg å søke om midlar til å gjennomføre ulike aktivitetar som bidreg til kvalitet og utvikling i opplæringssektoren gjennom europeisk samarbeid.

Erasmus+ støttar mobilitet (utveksling) og samarbeidsprosjekt i heile utdanningsløpet; barnehage, grunnskule, vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning og vaksenopplæring.

Sentrale satsingsområde er kvalitet i undervisning og opplæring, innovasjon og koplinga mellom utdanning og arbeidsliv.

Du kan lese meir om Erasmus+, og dei ulike aktivitetane ein kan søke midlar til på diku.no

Vestland fylkeskommune har søkt og fått innvilga «Erasmus+ Akkreditering» innan sektorane fag- og yrkesopplæring og vaksenopplæring i perioden 2021-27.

Akkrediteringa betyr at fylkeskommunen koordinerer, og lyser ut midlar til internasjonale mobilitetsprosjekt innan yrkesfagleg opplæring i Vestland.

Vidaregåande skular, opplæringskontor, lærebedrifter, fagskule, vaksenopplæring, kommunar og ev. andre organisasjonar innan utdanning og opplæring som ønsker kan søke på midlane.

Fylkeskommunen deltek i Erasmus+programmet for å bidra til å auke kvaliteten i opplæringa og styrke kompetanse til dei tilsette.

Tema det er lagt vekt på i akkreditering for fag- og yrkesopplæring er auka gjennomføring, kompetanseheving for tilsette, interkulturell kompetanse, og styrka lokalt og regional samarbeid.

I akkreditering for vaksenopplæring er det kompetanseheving for tilsette, mangfaldsleiing, integrering, og kvalifisering av innvandrarar til auka deltaking på arbeidsmarknaden som er hovudtema.

Her finn de ei oversikt av kva for type aktivitetar og tiltak de kan søke om midlar til gjennom Erasmus+søknaden til Vestland fylkeskommune.

Alle aktivitetane får støtte etter faste satsar i Erasmus+programmet.

Praksisopphald for yrkesfagelevar og lærlingar

Elevar og lærlingar kan, som ein del av den ordinære opplæringa, ha eit praksisopphald i eit anna europeisk land. Elevane og lærlingane skal ha yrkespraksis og opplæring anten på ein yrkesfagskule eller i ein bedrift for å lære meir om faget sitt generelt eller få djupnekompetanse i eit spesielt fagområde. Elevane og lærlingane skal også få interkulturell kompetanse gjennom å få oppleve ein annleis arbeidskultur og -struktur, og eit anna språk.

Lengde på opphaldet: 2 veker, opptil 3 månader.

Deltaking i internasjonale yrkeskonkurransar for lærlingar

Deltaking i internasjonale konkurransar for yrkesfag der deltakarane kan vise kunnskapar og kompetanse, og der konkurransen bidreg til fagleg utvikling, innovasjon, erfaringsdeling og promotering av yrkesfag. Konkurransane skal vere eit samarbeid mellom bedrifter, opplæringsorganisasjonar, bransje, næringsliv og elles andre aktørar med målsetting om å utvikle og gjere yrkesfagleg opplæring meir attraktivt.

Jobbskygging/hospitering for tilsette i fag- og yrkesopplæring

Jobbskygging/hospitering er opphald der den tilsette skal følgje og observere ein europeisk kollega. Deltakaren skal gjennom aktiv og deltakande observasjon hjelpe og støtte fagfolk i vertsorganisasjonen i deira daglege arbeid, utveksle god praksis og ta til seg erfaring, kunnskap og kompetanse om t.d. fag, undervisning, utdanning og metodar.

Lengde på opphaldet: minimum 2 arbeidsdagar.

Kurs for tilsette i fag- og yrkesopplæring

Deltaking på kurs i Europa skal bidra til å utvikle faglege kunnskapar og kompetanse gjennom strukturerte læringsprogram. Det er krav om at kursa blir halde av kvalifiserte undervisarar, ekspertar og/eller andre fagpersonar i form av samhandlingsaktivitet t.d. klasseundervisning, «workshops» eller feltundervisning.

Passive forelesingar eller konferansar vil ikkje bli godkjend. Kurset kan ikkje vere på norsk, og det må vere deltakarar frå minst to europeiske land.

Lengde på opphaldet: minimum 2 arbeidsdagar.

Undervisningsopphald i Europa

Ein yrkesfaglærar eller ein instruktør kan ha eit opphald ved ein yrkesskule eller opplæringsorganisasjon i Europa der dei gir undervisning innan eige fagfelt til lokale yrkesfagelevar eller lærlingar.

Inviter ekspert frå Europa

Ein invitert ekspert frå Europa skal vere ein kvalifisert yrkesfaglærar, underviser eller fagperson som skal bidra til å forbetre yrkesfagundervisninga på skulen eller i opplæringsbedrifta, og opphaldet skal legge til rette for felles erfaringsutveksling mellom eksperten og mottakarorganisasjonen.

Ekspertane kan t.d. gi opplæring innan særskilte fagområde eller i bruk av utstyr, demonstrere annleis og nye undervisningsmetodar, eller hjelpe til med ny og god praksis.

Lengde på opphaldet: minimum 2 arbeidsdagar.

Førebuande besøk

Eit førebuande besøk skal hjelpe skulen/bedrifta med å kvalitetssikre og legge til rette for framtidig praksisopphald for yrkesfagelevar og lærlingar.

Besøket skal gi kjennskap til, og kunnskap om mottakarorganisasjonen – deira kompetanse, kunnskapar og fokusområde, og kva for fagleg utbyte elevane/lærlingane vil kunne få gjennom eit praksisopphald hos mottakarorganisasjon.

Besøket skal bidra til å knyte relasjonar, og avklare praktiske spørsmål knytt til opphaldet, t.d. bustad, transport og arbeidsplassen.

Lengde på opphaldet: ingen krav, du vil få ein fast sum (EUR 575) per opphald uavhengig av land og lengde på opphaldet.

Maks to personar per opphald.