Arealrekneskap
Arealrekneskap er i korte trekk ein oversikt over areala våre. Omgrepet brukast ofte om både det ein kan definere som arealrekneskap, -statistikk og -budsjett. Det går føre seg eit stort utviklingsarbeidet på arealrekneskap i både forskingsmiljø og offentleg sektor, eit arbeid vi er en del av.
Arealrekneskap er eit viktig reiskap i arealplanlegging og -forvaltning. Det gir ein oversikt over areala våre, og samanstiller arealinformasjon om blant anna plan, natur, arealbruk og karbonlagring. Dette er viktig for å kunne ta gode avgjersler kring arealbruk. Bruk av arealrekneskap under planprosessen til kommuneplanen sin arealdel er no en del av nasjonale forventingar, og ligg som ei retningslinje i regional plan for klima 2022–2035.
Første versjon av arealrekneskapen for Vestland blei publisert i juni 2024, og du finn kartløysinga og statistikkrapporten til høgre. Dette skal vidareutviklast gjennom prosjektet nyvest, som du kan lese meir om under. Dersom du ønsker å melde deg på nyheitsbrevet eller vere meir involvert i brukargruppa for arealrekneskapen, meld deg på gjennom den blå knappen under.
Meld deg på nyheitsbrev eller brukargruppa for arealrekneskap her
NYVEST-prosjektet
Vestland fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Møre og Romsdal fylkeskommune, NINA og Vestlandsforsking samarbeider om eit innovasjonsprosjekt i offentleg sektor, med støtte frå Norsk forskingsråd i tre år. Prosjektet heiter Nyskapande metodar for naturdata og arealrekneskap for å vise samspeleffektar mellom natur og klima på Vestlandet, og NYVEST i daglegtale. Fylkeskommunane skal vidareutvikle Agder sin metode for regionalt arealrekneskap, og skal saman finne nye løysingar for visning og analyse av kartfesta kunnskap om areala våre.
Alle tre fylker har no publisert sine første versjoner av arealrekneskapen. Sjå deira arealrekneskap under
Det er viktig med kartdata for arealrekneskap, og NINA vil bruke maskinlæring og fjernmålingsdata til å teste ut nye metodar for å kartlegge naturtypar. Dette etter ein spennande metode som har vore brukt til å kartlegge våtmark. Dette vil bli eit datagrunnlag som vi kan bruke i dei regionale arealrekneskapa for fylka i prosjektet.
Vestlandsforsking vil gjennom spørjeundersøking og djupneintervju undersøka vilkåra for at kunnskap om samspeleffektar mellom klima og naturmangfald blir integrert i ulike avgjerdsprosessar. Altså: Korleis kan vi bli flinkare til å ta kunnskapsbaserte avgjerdsler kring arealbruk?
Saman har vi eit heilskapleg prosjekt som ser både på datagrunnlag, verktøy og vilkår for å forbetre avgjerdsprosessar i offentleg sektor.
Prosjektleiar er Kjetil Lygre ved Vestland fylkeskommune.
Arealrekneskap for utsleppsreduksjon
I 2022 fekk vi støtte frå klimasats til å sette i gang et prosjekt for å auke bruk av arealrekneskap i kommunale planprosessar. Saman med kommunane Aurland, Vik, Voss og Sunnfjord skal vi avdekke utfordringar og finne dei gode løysingane for bruk av arealrekneskap i Vestland.
Her er det planalgt ein ny storsamling med alle kommunar i Vestland i starten av 2025.
Prosjektleiar er Iselin Helløy
Nyttige lenker for arealrekneskap
Her legger vi ved nokon nyttige lenker for deg som er nysgjerrig på å lære meir, og sjå gode døme på arealrekneskap.
Informasjon om arealrekneskap
- NIBIO: Arealregnskap som kartgrunnlag og arbeidsmetode
- NINA: Planlagt utbyggingsareal i Norge (pdf)
- KDD rettleiar: Arealregnskap i kommuneplan
- Sabima: Naturkampen analyse av planreserve
Fylkeskommunale arealrekneskap
- Arealrekneskap for Akershus, Buskerud og Østfold fylker 2022 (tidlegare Viken fylke)
- Arealrekneskap for Agder fylke 2022
Heilskaplege kommunale kart
- Oslo kommune
- Drammen og Tønsberg kommuner