Høyring: Regional plan for areal og mobilitet
Kva retning skal Vestland gå i dei neste ti åra?
Planen handlar om korleis vi skal bruke og ta vare på areala i Vestland. Hovudføremålet er å knyte bustadutvikling, næringsverksemd og senterstruktur tettare saman med transport- og mobilitetssystema. Det skal legge grunnlaget for ei meir arealeffektiv og berekraftig utvikling, med redusert transportbehov og lågare klimagassutslepp.
Samstundes skal vi ikkje bygge ned meir natur enn nødvendig, slik at fjord, fjell og matjord framleis er tilgjengeleg for kommande generasjonar. Målet er at Vestland held fram med å vere ein attraktiv og konkurransedyktig bu- og næringsregion.
No er utkast til plan og handlingsprogram på høyring, og vi ønskjer innspel frå kommunar, statlege aktørar, næringsliv, organisasjonar og innbyggjarar.
Regional plan for verdiskaping og kompetanse er også ute på høyring. Les meir om denne planen og send innspel her.
Sju sentrale utfordringar
Planen svarar på sju sentrale utfordringar som fylket står overfor:
- Press på natur, kulturmiljø og landskap: Vestland har dei siste sju åra bygd ned om lag 24 000 dekar natur, tilsvarande ni fotballbaner per veke.
- Målkonfliktar i arealforvaltninga: Ulike interesser kjempar om dei same areala.
- Demografiske endringar: aukande del eldre og fallande folketal i distrikta.
- Eit krevjande transport- og mobilitetssystem prega av spreidd busetnad og stort vedlikehaldsettersle.
- Klimaendringar og naturfarar som skred, flaum og ekstremvêr.
- Krevjande energiomstilling: Areal, transport og energi er i for liten grad samordna.
- Avgrensa offentleg handlingsrom: Store investeringsbehov kjem samstundes som budsjettrammene vert trongare.
Korleis gi innspel?
Høyringa går frå 1. september til 1. november 2026. Det betyr at siste frist for å kome med innspel til planen er 1. november.
Du sender innspela dine i eit digitalt skjema. Høyringsinnspela blir tekne med i arbeidet fram mot endeleg plan.
Alle innsende høyringsinnspel blir gjort offentleg tilgjengelege gjennom eInnsyn.
Informasjonsmøte 16. september
Vestland fylkeskommune arrangerer digitalt informasjonsmøte i samband med høyringa 16. september kl. 08.30–10.00.
Kven kan kome med innspel?
Alle kan kome med innspel. Vi oppmodar kommunar, statlege organ, næringsliv, frivilligheit og alle som er interesserte i framtida til fylket vårt, om å kome med innspel til planen. Særleg ønskjer vi å høyre frå unge stemmer.
Kva ønskjer vi dykkar syn på?
Vi tek gjerne imot innspel til alle delar av planforslaget.
- Peikar planen i rett retning?
- Er dei føreslåtte grepa dei rette grepa?
- Kva forventar de av fylkeskommunen som rettleiar og støttespelar?