Høyring av planforslag
Planutkast med tilhøyrande handlingsprogram for regional plan for areal og mobilitet er ute på høyring fram til 1. november 2026.
Les meir og send innspela dine på denne sida.
Informasjonsmøte
Om planarbeidet
Det er eit mål å samle retningsliner for arealbruk i Vestland i denne planen. Planen skal legge til rette for samarbeid og samordning mellom statlege, fylkeskommunale og kommunale styresmakter i gjennomføringa.
Planen skal legge eit grunnlag for at arealbruk og mobilitet bidreg til å oppnå måla i Utviklingsplan for Vestland.
Her er vi i prosessen
Vi har no laga eit utkast til plan og handlingsprogram, med utgangspunkt i intern og ekstern medverknad og innspel. Planforslaget er på høyring og offentleg ettersyn frå 1. september til 1. november 2026.
Gjennom høyringsperioden held vi fleire møte for å orientere om planutkasta og hente inn innspel. Vi ønskjer ein open dialog som gjer planen betre, meir treffsikker og gjennomførbar. Fylkestinget skal vedta planen i mars 2027.
To nye regionale planar
Vestland fylkeskommune arbeider no parallelt med to nye regionale planar: regional plan for verdiskaping og kompetanse og regional plan for areal og mobilitet. Les om arbeidet med regional plan for verdiskaping og kompetanse.
Oppdatert: 31. august 2026