Utviklingsplan for Vestland, regional planstrategi
– den overordna strategien for samfunnsutviklinga i heile fylket.
Utviklingsplanen svarar på
- Kvar er vi?
Kva utfordringar møter Vestlandssamfunnet framover? Kva gode moglegheiter har vi og kva skal vi satse på i lag for ei berekraftig utvikling av eit ambisiøst Vestland? - Kvar vil vi?
Utviklingsplanen set langsiktige mål for fylket, om fire år og om 20 år, og viser at vi må ha fleire mål i sikte samstundes for å få til ønska utvikling. - Korleis kjem vi dit?
Den har strategiar for korleis vi skal nå måla. Regional planstrategi er også ein plan for planane – den viser kva planar vi treng og på kva område.
Utviklingsplanen er den viktigaste reiskapen for berekraftig og samordna utvikling av fylket.
Ny utviklingsplan – vi gjer Vestland betre!
Utviklingsplan for Vestland 2024–2028, regional planstrategi vart vedtatt i fylkestinget desember 2024, og har fire nye, ambisiøse mål for fylket, seks breie utfordringsområde og strategiar for å nå ønska samfunnsutvikling.
Heile fylket sin utviklingsplan
Utviklingsplanen blir til gjennom eit breitt samarbeid med aktørar frå ulike delar av Vestlandssamfunnet, med grunnlag i fersk kunnskap om fylket. Planforslaget blir sendt på offentleg ettersyn og høyring.
Fylkestinget er regional planmynde og vedtek ein regional planstrategi for kvar valperiode, etter plan- og bygningslova § 7-1.
Statlege og regionale organ og kommunane skal legge den regionale planstrategien til grunn for vidare planarbeid.
Scenario Vestland 2040- blir framtida slik?
Scenarioprosessen skal få fram hovudutfordringane og moglegheitene i fylket framover mot år 2040, og bidra til kunnskapsgrunnlaget. Det blir nytta framtidsbilde som reiskap for å forstå meir av usikkerheita og moglegheitene i utviklinga, og finne handlingsrommet for fylket framover.
Fire framtidsscenario i Scenario Vestland 2040 skildrar korleis Vestland kan sjå ut i 2040. Dei skal inspirere til å finne løysingar og sjå moglegheiter:
- Klimaherja Vestland:
Soga om korleis Vestland vert råka av stadig fleire og meir brutale klimaendringar og naturhendingar, noko som utløyser forvirring - Nøysame Vestland:
Vestland og Norge opplever ein tøffare røyndom etter å ha trekt i naudbremsen for å nå nullutsleppsmålet. - KI-drivne Vestland:
Soga om eit Vestland som har mista unge med yrkesfagleg kompetanse og som satsar på kunstig intelligens for å redde velferda. - Tryggleiksvestland
Vestland må ta eit endå tyngre ansvar for norsk og europeisk energi- og forsyningstryggleik i ei uroleg tid.
Fylket har hatt støtte i arbeidet av By- og regionforskningsinstituttet NIBR-OsloMet, Nordlandsforskning og Dietz Foresight.
Kunnskapgrunnlag for ny utviklingsplan
Kunnskapgrunnlag for ny utviklingsplan
Utfordringsrapporten oppsummerer alle kunnskapsgrunnlaga.
- Utfordringsrapport for Utviklingsplan for Vestland 2024-28, samandrag(Storymap)
- Utfordringsrapport for Utviklingsplan for Vestland 2024-28, fullversjon (PDF)
- Folkehelseoversikt for Vestland 2023-27 (Storymap)
- Scenario Vestland 2040, framtidstrendar (Storymap)
- Scenario Vestland 2040, fullversjon (PP)
Heile kunnskapsgrunnlaget
- NIBR: Kunnskapsgrunnlag for regional utviklingsplan: perspektiv, metodar og analysar i ein samproduksjonsprosess i Vestland fylke (PDF)
- Vestland fylke og regionane - samfunn og berekraft (PDF)
- Regionale planar i Vestland
- Kunnskapsgrunnlag til regional plan for berekraftige lokalsamfunn (PDF)
- Kortversjon kunnskapsgrullag berekraftige lokalsamfunn (Storymap)
Sjå presentasjon av kunnskapsgrunnlaget
Kunnskapgrunnlaget/Den neste utviklingsplanen i fylkestutvalet 19/9 2023, nett-tvSjå tidspunkt: 00.59.00
Samarbeid i fylket
Kunnskapsgrunnlaget er blitt til gjennom eit breitt samarbeid i fylket med fylkeskommunen som planmyndigheit. Det har vore spørjeundersøkingar, framsynsverkstadar og intervju med representantar frå kommunane, organisasjonsliv, ungdomsrepresentantar, frivillig sektor, næringsliv og andre samfunnsaktørar.
– Verda er i endring, kanskje meir enn på lenge med auka interasjonal beredskap, prisauke og klimaendringar, og vi i Vestland må sjå verknadane og takle dei i lag framover.
Tina Kvammen Mjøs Sinclair, prosjektleiar
Kva er Vestland sine største utfordringar og moglegheiter?
Seks breie utfordringsområde
Vestland står midt i ei tid prega av store endringar og moglegheiter. Global epidemi og sikkerheitspolitiske utfordringar skaper uro for framtida. Natur- og klimakrisa, aukande sosial ulikskap, uhelse, og behov for omstilling i næringslivet og arbeidsmarknaden forsterkar utfordringane.
Samtidig viser regionale utviklingstrekk mykje positivt. Vestlandssamfunnet utnyttar nye og spanande moglegheiter, noko som skapar tiltru til framtida både i by og bygd.
Vi må bli enda betre på samordning og samarbeid for å sikre ei positiv utvikling i heile regionen.
Vestland fylkeskommune har utvikla eit heilskapleg kunnskapsgrunnlag oppsummert i utfordringsrapporten, skipa i lag med forskingsmiljø, kommunar, stat, næringsverksemder og sivilsamfunn. Vestland sine seks breie utfordringsområde er vist i figuren under. Kunnskapsgrunnlaget har prøvd å få fram samanhengene mellom utfordringar på ulike område:
Bilete: Aksell/Vestland fylkeskommune
Heilskapleg berekraftstenking gjennom mål og strategiar i utviklingsplanen
Heilskapleg berekraftstenking
Både regional og nasjonal politikk løfter fram dei 17 berekraftsmåla til FN som grunnlag for samfunnsutvikling og planlegging. Berekraftsmåla er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Les meir om berekraftsmåla på FN-sambandet sine sider
Berekraftig utvikling handlar om å knyte saman ulike fag-, sektorar og forvaltningsnivå. Vi skal sjå utfordringar og moglegheiter betre i samanheng og arbeider for brei måloppnåing på tvers.
Bilete: Grep som vert tatt i den nye utviklingsplanen er at berekraftstenkinga er meir heilskapleg, kopla til alle berekraftsdimensjonane.
Utviklingsplanen definerer fire breie satsingsområde, områder innan samfunssutviklinga som skal vere høgt prioritert: Velferd og verdiskaping, demografi og likeverd, klima og natur, og samarbeid. Det er definert eit overordna mål for kvart satsingsområde. Mål nummer fire om samarbeid er viktig for å nå alle måla.
Måla i utviklingsplanen peiker mot framtida vi ønskjer oss og er overordna og langsiktige. Strategiane viser korleis vi skal nå måla. Kvar strategi skal bidra til å nå minst to mål, helst fleire, for å verke mobiliserande for samarbeid på tvers av sektorar og fagområde.
Satsingsområde og mål
- Satsingsområde Velferd og verdiskaping
Mål: Vestland er det leiande verdiskapingsfylket basert på naturgitte fortrinn. - Satsingsområde Demografi og likeverd
Vestland er eit inkluderande fylke med trygge, attraktive og livskraftige lokalsamfunn i heile fylket. - Satsingsområde Klima og natur
I Vestland er klima og naturmangfald ein premiss i samfunnsutviklinga. - Satsingsområde Samarbeid
Vestland når sine mål gjennom samarbeid og samordning.
Under kvart mål er det utvikla fleire strategiar som skal bidra til at vi når måla.
10 strategiar for å nå samfunnsmåla
- Vestland skal jobbe for innovasjon og styrka samarbeid med offentleg og frivillig sektor, forskingsmiljø og næringsliv.
- Vestland skal ta vare på og utvikle infrastruktur og tenester som fremmar innovasjon og berekraftig samfunnsutvikling i alle sektorar.
- Vestland skal stimulere til at det vert skapt nye næringar og arbeidsplassar i heile fylket gjennom omstilling, grøn konkurransekraft og entreprenørskap.
- Vestland skal bidra til energieffektivisering og tilgang til fornybar energi utan å forringe naturmangfaldet.
- Vestland skal sikre høg deltaking i arbeids- og samfunnsliv gjennom gode oppvekstvilkår, livslang læring og attraktive lokalsamfunn.
- Vestland skal styrke innsatsen for å redusere sosial ulikskap og utvikle eit mangfaldig og inkluderande samfunn.
- Vestland skal stimulera til at Bergen og dei regionale sentra skal utviklast som attraktive stadar og motor for utvikling, kombinert med støtte til livskraftige og attraktive lokalsamfunn i bygdene.
- Vestland skal styrke samfunnssikkerheit og beredskap ved å tilpasse oss klimaendringane, sikre infrastruktur og betre sjølvforsyninga
- Vestland skal forvalte natur-, landskaps- og kulturverdiar i eit langsiktig perspektiv.
- Vestland skal vere ein pådrivar for samordna og styrka innsats for klimaomstilling inkludert nullutslepp.
Breie, strategiske regionale planar
I planperioden vil Vestland utarbeide to breie og strategiske regionale planar, som skal bidra til å hauste gevinstar av samanhengstenking og samarbeid.
Regional plan for areal og mobilitet
Regional plan for areal og mobilitet skal samordne samferdselsoppgåvene til fylket med arealoppgåvene til kommunane. Planen skal slå fast ein senterstruktur for Vestland og sette rammer for forvaltning av naturressursar, kulturmiljø og landskap.
Regional plan for verdiskaping og kompetanse
Regional plan for verdiskaping og kompetanse skal styrke samanheng og heilskap mellom mål for verdiskaping, kompetanse og andre miljø- og samfunnsmål. Planen skal legge grunnlaget for verdiskaping, eit inkluderande arbeidsliv og arbeidsplassar i heile fylket.