Utviklingsplan for Vestland 2020-2024, Regional planstrategi
Utviklingsplanen er den overordna strategien for samfunnsutviklinga i Vestland.
Fylket sin utviklingsplan set regionale mål for samfunnsutviklinga vår og er bygd rundt FN sine berekraftmål. Den gjer greie for dei viktigaste utviklingstrekka og utfordringane i Vestland framvover.
- Mål 1: Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg.
- Mål 2: Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling.
- Mål 3: Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland.
- Mål 4: Like mogelegheiter til å delta i verdiskaping
Utviklingsplan for Vestland 2020–2024 Regional planstrategi
Alle skal dra i same retning!
Den blir til i samarbeid med aktørar i heile Vestlands-samfunnet i regi av fylkeskommunen som planmyndigheit, og er førande for alle andre statlege og kommunale planar og strategiar i fylket.
Den neste utviklingsplanen - Vestland 2024-2028
- Kva gode, langsiktige moglegheiter i Vestland skal vi prioritere framover?
- Korleis få til berekraftig utvikling?
- Kva er utfordringane våre som region, og kvar må vi bli betre?
Det skal lagast ein regional planstrategi for fylket i kvar valperiode. Det nye fylkestinget hausten 2023 vil sette i gang arbeidet med Utviklingsplan 2024-2028 for Vestland, vedtatt seinast eit år etter konstituering.
Våren 2023 blir kunnskapsgrunnlaget til denne laga, der nye arbeidsmetodar med scenarioprosessar blir tatt i bruk.
Les meir om prosessen med vår neste utviklingsplan og kunnskapsgrunnlaget

Kvifor ein utviklingsplan?
Plan- og bygningslova seier at fylkeskommunane minst ein gong i kvar valperiode skal lage ein langsiktig regional planstrategi som skal vedtakast av fylkestinget. Planstrategien skal sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker.
Når han er vedtatt skal både kommunane og statlege og regionale organ legge han til grunn for planlegginga si.
Lova opnar for at regional planstrategi kan fastsette regionale utviklingsmål, og dette er grunnen til at vi i Vestland kallar den for Utviklingsplan for Vestland.
Dei 17 berekraftsmåla til FN
Berekraftsmåla til FN er lagt til grunn for utarbeidinga av utviklingsplanen. Berekraftsmåla er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.
I rapporten om utfordringar for Vestland og i folkehelseoversiktsdokumentet er det vist korleis måla til FN heng saman med hovudutfordringar i Vestland.

Høyringsinnspel
Utviklingsplanen var ute til høyring våren og sommaren 2020. Vi fekk inn mange innspel frå kommunar, næringsliv, lag, organisasjonar og andre. Alle høyringsinnspela er samla i dette dokumentet:
Administrasjonen i fylkeskommunen har summert opp og kommentert alle høyringsinnspela i ein eigen høyringsrapport:
Politisk sak
Fylkestinget vedtok utviklingsplanen 29. september 2020. Her kan du lese det politiske saksframlegget: