Regionale planar, temaplanar og strategiar

Planar og strategiar er dei overordna reiskapane fylkeskommunen nyttar i rolla som utviklingsaktør for samfunnet.

Kva er ein regional plan?

Vi lagar regionale planar for dei prioriterte planoppgåvene det er behov for å samarbeide om, på tvers av fleire kommunar eller fylke. Planane kan gjelde heile eller delar av eit fylke. Planarbeida tek for seg tema som vi skal jobbe med over fleire politiske periodar.

Det er fylkeskommunen som utarbeidar regional plan i samarbeid med statlege organ og kommunane i planområdet. Alle interessepartar som vert råka, av planen skal få høve til å medverke i planarbeidet.

Fylkestinget i Vestland er regional planmynde og vedtek regionale planar.

Kvifor regionale planar?

Dei regionale planane ligg til grunn for

  • verksemda til regionale organ
  • den vidare planlegginga i statlege organ og kommunar

Regionale planar har ingen rettsverknad for innbyggjarane. Vestland fylkeskommune ønsker likevel at regionale planar skal bidra til å inspirere og mobilisere ei stor breidde av samfunnsaktørar til å bidra å dra utviklinga i ønska retning.

Regionale planer er den overordna reiskapen fylkeskommunen nyttar i rolla som utviklingsaktør. Fylkeskommunen samarbeider med organisasjonane i næringslivet, kommunar, regional statsforvaltning, ulike kompetansemiljø og frivillige organisasjonar om utforming og gjennomføring av planane.

Korleis føregår regionalt planarbeid?

Regionale planarbeid skjer etter faste prosessreglar i kapittel 8 i plan- og bygningslova. I Vestland orgniserer vi planarbeida i fem delfasar:

  1. Utarbeiding, høyring, offentleg ettersyn og vedtak av planprogram
  2. Utarbeiding av planforslag
  3. Høyring og offentleg ettersyn av planforslag
  4. Arbeid med planforslaget fram til vedtak i fylkestinget
  5. Oppfølging av handlingsprogram

Regional tranportplan

Vestland sin første regionale transportplan vart vedtatt i desember 2021. Sjå hovuddokument, handlingsprogram og faglege grunnlag i lenken nedanfor:

Regionale areal- og transportplanar

Regional areal- og transportplan for bergensområdet

Regional areal- og transportplan for Haugalandet

Sjekkliste til fylkesdelplan for arealbruk

Fylkestinget vedtok i desember 2024 at Vestland fylkeskommune skal lage to regionale planar for å følgje opp utviklingsplanen for 2024–2028: regional plan for areal og mobilitet og regional plan for verdiskaping og kompetanse. 

Kunnskapsgrunnlaget for regional plan for senterstruktur og lokalsamfunn inngår som kunnskapsgrunnlag for regional plan for areal og mobilitet.

Kunnskapsgrunnlag for regional plan for senterstruktur og berekraftige lokalsamfunn (pdf).

Kortversjon av kunnskapsgrunnlaget (laga i Storymap).

Gjeldande planar frå Hordaland og Sogn og Fjordane

Merknad:

Setninga: "Kommunen kan sjølv regulere inn fleire sentrumsområde i same regionsenter (BAS område)" under punkt 1.3. i handelsføresegna gjeld ikkje, då Statsforvaltaren i Vestland har varsla vesentleg innvending til det. Resten av føresegna gjeld inntil Vestland fylkeskommune har på plass ein revidert plan for senterstruktur. Arbeidet med ein slik plan startar i 2021.

Regional plan for klima, med tilhøyrande handlingsprogram, blei vedtatt i fylkestinget 15. desember 2022.

Regional plan for fornybar energi 2023–2035, blei vedtatt i fylkestinget 14. desember 2023.

Berekraftig verdiskaping – regional plan for innovasjon og næringsutvikling 2021–2033, set retning for næringslivet i Vestland dei neste tolv åra.