Handlingsprogram folkehelse 2022–2025

Vestland fylkeskommune har våren 2022 vedteke nytt handlingsprogram for folkehelse. Her finn de oversikta over tiltak fylkeskommunen skal arbeide med for å betre folkehelsa dei neste fire åra.

foto frå Trivselsskogen på Sandane
Trivselsskogen på Sandane. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Fem innsatsområde utvald

Handlingsprogrammet for folkehelsearbeidet i Vestland er utvikla ved å ta i bruk ulike verkemiddel og i tett samhandling med ulike aktørar frå kommunane, frivillig sektor, statlege aktørar med fleire.

Det er prioritet tolv delmål/satsingar frå dei regionale planane som tiltaka skal bidra til måloppnåiing på. Vidare er det lagt føringar på at tiltaka skal svare ut fem innsatsområde der folkehelsearbeidet i Vestland treng styrkast i åra som kjem.

Våre fem innstasområde er

  1. kunnskapsbasert folkehelsearbeid
  2. sosial ulikskap i helse
  3. gode, trygge og deltakande nærmiljø/lokalsamfunn
  4. dei demografiske endringane i Vestland og ei aldrande befolkning
  5. barn og unge – livskvalitet og psykisk helse

Bakgrunn

Fylkesutvalet vedtok 9. november 2021 å sende dokument til handlingsprogram for dei regionale folkehelseplanane for Sogn og Fjordane (pdf) og Hordaland (pdf) på høyring og offentleg ettersyn. Føremålet med regionale planar er å mobilisere og samordne innsatsen i fylket i fylket og fremje brei, open og inkluderande samfunnsutvikling i heile fylket.

Det er i Utviklingsplanen 2020–2024 bestemt at det ikkje skal utviklast ny regional folkehelseplan for Vestland denne planperioden, men eit felles handlingsprogram. Handlingsprogrammet skal bli meir strategisk og syne god kopling mellom mål og tiltak, og legge vekt på gjennomføring av tiltaka.