Regional plan for fornybar energi 2023-2035
Regional plan for fornybar energi skal vere eit av grunnlaga for klimaomstillinga av Vestland fylke. Planen har som oppdrag å fastsette mål om ambisjonsnivå og utbygging av fornybar energi.
For å nå dei store, globale klimamåla, må vi gjere ein innsats på alle nivå, inkludert på regionalt og lokalt nivå. Vestland set seg høge ambisjonar knytt til klimaomstilling og nullutslepp i Utviklingsplan for Vestland 2020-2024. Vi er både modige og framoverlente. Vi skal inkludere, inspirere og mobilisere heile Vestlandssamfunnet til innsats for ei berekraftig og nyskapande samfunnsutvikling.
Skal vi lukkast med ein god kraftbalanse og sikker kraftforsyning som bidrar til den grøne verdiskapinga er det vesentleg med produksjon av og tilgang til fornybar energi. Planprosessen vil fokusere på korleis Vestland skal lukkast med å løyse utfordringane knytt til energi, og skal munne ut i ein regional plan for fornybar energi.
Fylkestinget skal behandle planen i desember 2023.
Samarbeid med TERRAVERA
I arbeidet med fornybarplanen har Vestland starta eit samarbeid med TERRAVERA-stiftelsen. Dette handlar om å lage eit dynamisk faktagrunnlag som skal vurdere ulike løysingar for fornybar energi. Faktagrunnlaget viser potensialet og fotavtrykket for dei seks formene for fornybar energi på Vestlandet. Når modellen er ferdig vil den gi oss eit bilete av heile verdikjeda til energikjeldene. I første omgang ser vi på CO2-utslepp og arealbruk. Saman med resten av kunnskapsgrunnlaget i fornybarplanen, vil dette danne eit fundament for politikarar og næringsliv som skal avgjere spørsmål om grøn energi i framtida.
Sjå videoen TERRAVERA Foundation har laga om den regionale planen for fornybar energi:
Plantema
Fornybar energi i Vestland
Vi reknar energikjelder som er i krinslaupet til naturen og som i tillegg fornyast når ein nyttar seg av han som fornybar.

For å skape eit Vestlandssamfunn med netto nullutslepp må energien i naturen sitt eige krinslaup nyttast. Energikjeldene vist i figuren over ligg i dette krinslaupet. Eigne arbeidsgrupper skal utgreie kvar av energikjeldene i arbeidet med planen og handlingsprogrammet for å sette gode ambisjonsmål. I tillegg skal planen greie ut om og sette ambisjonsmål for energiberarane hydrogen og batteri, då desse har ei sentral rolle som erstattar for fossile brennstoff i framtida
Retningslinjer for arealbruk for vindkraft og småkraftverk
Begge dei tidlegare fylka hadde eigne kraftplanar som no skal erstattast med regional plan for fornybar energi. Utviklingsplanen seier at i prosessen med ny plan for fornybar energi skal ein vurdere å korleis ein skal vidareføre retningslinene for arealbruk i gjeldande regional plan for vindkraft, og regionale planar for småkraftverk.
Kraftsituasjonen i Vestland
I sluttrapporten frå prosjektet «Grøn region Vestland» (Vestlandsporteføljen 2021) vert det vist til at det må byggjast ein grøn innovativ infrastruktur for å kunne lukkast med å få nok grøn energi fram til dei plassane i fylket kor energibruken er størst og kor grøn vekst har størst moglegheit. Det er ei skeivfordeling mellom kor produksjon av kraft i skjer i fylket og kor krafta kan nyttast til grøn vekst. I fleire av områda i fylket som er identifisert som grøne vekstområde med trong for mykje grøn kraft er det per i dag ikkje kapasitet i straumnettet til å levere nok straum. Denne planprosessen vil drøfte ny produksjon av grøn energi og distribusjon av denne for å sikre nok kraft til dei områda i fylket som har kraftkrevjande industri. Spenningsoppgradering av dagens nett har vist seg å ha fleire flaskehalsar som gjer at handsamingstida for konsesjonssøknadar er for lang. Flaskehalsane vil bli utpeika i kunnskapsgrunnlaget og det blir laga ambisjonsmål for å redusera desse flaskehalsane. Også ein større fleksibilitet i nettet vil være nødvendig når ikkje regulerbare fornybare energiar vil kunne levere meir straum. Dette blir også diskutert i klimaplanen.
Medverknad
Fylkeskommunen har ansvar for legge til rette for ein god medverknadsprosess, og vi skal sikre størst mogeleg offentleg og reell medverknad i planprosessen. Medverknad i planlegging (Plan og bygningslova § 5-1) er viktig for å sikre forankring, belyse utfordringane på breiast mogeleg måte, samt at ein i fellesskap kan einast om både utfordringane og løysingane. Ein regional plan for fornybar energi vil krevje ein brei medverknadsprosess, som sikrar at flest mogeleg har høve til å komme med innspel, og at desse vert vurdert og eventuelt innarbeidd i planen
Medverknad skal mellom anna:
- sikre gode løysingar som tek omsyn til ulike behov
- legge til rette for at alleberørte og interesserte aktørar kan kome til orde
- fremje eit godt avgjerdsgrunnlag
To høyringar
Det vil bli utført to høyringsrundar, først for planprogrammet og så for sjølve planen og det etterfølgande handlingsprogrammet.
Høyringsrunden for planprogrammet blir utført mellom 09. mars og 23. april og skal avklare kva tema ein skal ha hovudmerksemd på i sjølve planarbeidet.
I denne høyringsrunden ønskjer vi særleg innspel på:
- Dei overordna måla for planarbeidet
- Val av plantema
- Innhald i plantema
- Organisering og medverknad
Elles står høyringsinstansane sjølvsagt fritt til å kommentere innhaldet i planprogrammet.
Gjeldande planar
Frå dei to tidlegare fylka har vi gjeldande planar som omhandlar fornybar energi, desse vil bli erstatta med denne planen.
Dette er dei gjeldande planane:
Sogn og Fjordane
- Regional plan for klimaomstilling
- Regional plan med tema kytt til vasskraftutbygging Sogn og Fjordane
- Regional plan for vindkraft
Hordaland
- Klimaplan for Hordaland
- Fylkesdelplan for små vasskraftverk i Hordaland 2009-2021
Framdriftsplan
Framdrifta i planprosessen følgjer rammene som utviklingsplanen skisserer for ein regional planprosess. Etter vedtak av planprogram startar arbeidet med sjølve planutforminga. Denne delen inkluderer utarbeiding av kunnskapsgrunnlag, medverknads- og samskapingsprosessar, samt utarbeiding av høyringsutkastet til planen. Det blir lagt opp til breie og grundige medverknadsprosessar undervegs i planprosessen. Høyringsperioden vil så langt som råd bli tilpassa regional og kommunale møtekalendrar. Fylkestinget skal etter planen vedta plan for fornybar energi mars 2023.
Fremdriftsplan
- Høyring av planprogramet: 09. mars til 23. april
- Behandling av innspel etter høyringsrunde: 23.april til 8. mai
- Vedtak av planprogrammet i fylkestutvalet: 17. juni
- Utarbeiding av kunnskapsgrunnlag, plan og handlingsprogram: april til oktober
- Vedtak om høyring av plan og handlingsprogram i fylkesutvalet: 30. november
- Høyring av plan og handlingsprogram: 1. desember – 20. februar
- Behandling av innspel etter høyringsrunde: 20. februar – 25. februar
- Vedtak av Regional plan for fornybar energi med handlingsprogram i Fylkestinget: mars 2023