Ulvik og Ullensvang får millionar til betre breiband
Ulvik og Ullensvang er dei første kommunane som får tilskot til breibandutbygging i år. Ulvik får 7,5 millionar kroner til å utbetre breibandet i seks ulike område, medan Ullensvang får 250 000 kroner til utbetring i Brattlandsdalen.
Vedtaket vart gjort i hovudutval for næring 15. september.
– Godt breiband handlar om meir enn internett, det handlar om at folk skal kunne bu og drive næring der dei bur, uansett kor i fylket det er. Denne tildelinga gir betre dekning i Ulvik og Ullensvang, og eg er glad for at vi no òg opnar for at fleire kommunar kan søkje fram til 9. oktober, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar i hovudutval for næring.
Ulvik skal utbetre breibandet i seks ulike område (Rossvoll–Øvregardane, Osa, Hallanger, Sponheim, Bergo/Byrse og Fryste–Tveito), medan Brattlandsdalen er dalføret mellom Nesflaten i Suldal og Røldal i Ullensvang.
Det kan kome fleire tildelingar utover hausten. Ulvik og Ullensvang søkte midlar innan første frist 24. august. No er fristen utvida til 9. oktober.
Bakgrunn for saka
Vestland fylkeskommune disponerer midlar frå staten og eigne midlar til utbygging av breiband og til arealdekning på mobil i fylket. Størstedelen av midlane kjem frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (DFD).
Meir informasjon og søknadsskjema:
- Tilskot til arealdekning på mobil - Vestland fylkeskommune (søknadsfrist 9. oktober)
- Søk tilskot til breibandutbygging - Vestland fylkeskommune (søknadsfrist 9. oktober)
Til den politiske saka: 56/2026 Tildeling av midlar til breibandutbygging 202
6