Tilskot til arealdekning på mobil

Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til arealdekning på mobil i fylket. Ordninga skal gå til område der behovet er størst, mellom anna langs viktige ferdselsårer.

miniatyrfigurer modem og kabler
Foto: Shutterstock

Vi kan støtte utbygging i område som manglar mobildekning eller kun har mobildekning med 2G-teknologi. Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) utarbeider kart over område som kan få støtte, som kommunane kan søkje om støtte til.  

Søknadane må gjelde godkjente område, og vere realiserbare innan rimeleg tid. Søknadar som oppfyller dette vert prioritert etter kor godt dei svarar på desse kriteria:

  • Kostnadseffektiv utbygging og samfunnsnytte
  • Lokal medfinansiering
  • Måloppnåing
  • Samla vurdering der søknadane mellom anna blir vurdert opp mot søknadar på tilskotsordninga for betre breibanddekning

Sjå meir detaljerte kriterier som ligg ved lenger nede i denne utlysinga.  Det er viktig at søknadane svarer godt på punkta i kriteria for å få uttelling i vurderinga. 

Søknadsteksten er oppdatert etter vedtak av endelege tildelingskriterier 25. august. 

Kommunar i Vestland kan søkje. Fleire kommunar kan gå saman om ein søknad dersom det er naturleg med utbyggingsområde som dekkjer fleire kommunar.

Søknaden skal innehalde informasjon om prosjektet, beskriving av området og dekningsstatusen. 

Prisen for ein basestasjon består i hovudtrekk av kostnadene knytt til mast, antenner, montering og tilførsel av straum. I grisgrendte strok og høgt til fjells er gjerne straumtilførsel kostnadsdrivande og det kan vere dels store kostnader grunna lange avstandar og spreidd busetnad. Kostnadene må vere spesifisert på ulike kostnadspostar der det er særleg viktig at straumtilførsel er spesifisert for seg sjølv. 

Områda det blir søkt om støtte til må merkjast av i kartløysinga Arcgis. Dette blir gjort i eige skjema.

Søknaden skal sendast inn gjennom www.regionalforvaltning.no. De må lese rettleiinga (tekst under spørsmålsteikna) i søknadsskjemaet godt.

 Absolutte krav for å kunne få midlar

Betring av mobildekning
Nkom har sendt to dekningskart som viser områda i Vestland der det ikkje er dekning, eller manglande dekning, som skal brukast for å velje område som kan få støtte til arealdekning på mobil. Karta inneheld dette:

• Område med manglande mobildekning. Desse områda kvalifiserer for støtte, og krev ikkje vidare analyser. Dette kartet er sendt til kommunane. 

• Område som har basisdekning, men manglar nedlastingshastigheit over 30 Mbit/s. Desse kan vurderast å kvalifisera for støtte, men då etter nærare dialog med Nkom. Kommunane må ta kontakt dersom dei trur dei har slike område. 

At prosjektet let seg realisere innan tidsfristane som er sett     
Å prosjektera og få på plass ein mobilbasestasjon kan vere krevjande. Prosjekteringa må i tillegg skje i samarbeid med ein av mobilaktørane for at prosjektet skal vera realistisk. Det har lite for seg å gje tilskot til eit prosjekt som leverandørane ikkje vil gjennomføre, eller som ikkje er mogleg å få til innan korte tidsfristar. Prosjekt som skal få støtte må vere godt planlagde og
realistiske. Gjennomføring må kunne skje etter fristane i ordninga. Andre prosjekt som blir meld inn blir lagde i ei oversikt over behov, og jobba vidare med. 

Prioritering mellom søknadar som oppfyller krava

Kostnadseffektiv utbygging og samfunnsnytte opp mot støttebehov - skjønnsvurdering - vekta 30 %
Fylkeskommunen skal prioritere prosjekt der samfunnsnytten er størst i
forhold til det offentlege støttebehovet i kvart enkelt prosjekt. Her må vi gjere ei skjønsvurdering i kvart enkelt prosjekt. Det blir sett ein karakter frå 1-5 ut frå kor godt søknaden svarer på dette kriteriet.

Lokal medfinansiering - vekta 20 %
Lokal medfinansiering (pengar frå kommune, private bedrifter o.l.) blir vekta slik: 
1 poeng = opp til 15 % 
2 poeng = 15-24 % 
3 poeng= 25-34 % 
4 poeng= 35-44 % 
5 poeng= over 45 % 

Måloppnåing - vekta 50 %
Ordninga skal bidra til betre mobildekning i dei delane av landet der behovet er størst, mellom anna langs viktige ferdselsårer. Med ferdselsårer meiner vi område der folk ferdast, anten det er på veg/bane, til sjøs eller til fots. Vi legg til grunn at ei viktig ferdselsåre mellom anna handlar om kor mange  som ferdast der, og kva betre dekning vil ha å seie for beredskap, tryggare ferdsel, næring og busetnad. Vi vil gjere ei skjønnsvurdering der søknadane vil få ein karakter frå 1-5 ut frå kor godt det vert svart på:

•Korleis er mobildekninga i området i dag? Og kva er potensialet ved å få betre dekning?
• Kva ferdselsårer er i området, og korleis er ferdselen i dag (kva type ferdsel, og kor mange)?
• Kva næring og busetnad er i området?
• kva betre dekning vil bety for næring og busetnad?
• Kva betre dekning vil bety for beredskap og tryggare ferdsel?
• Kor viktig er denne ferdselsåra?
• Om utbygginga støtter moderniseringa av nødnettet

Samla vurdering
Prosentvektninga er rettleiande. Dei ulike kriteria må sjåast i samanheng, mellom anna når det gjeld bruk av tilskotsbehov opp mot samfunnsnytte. Ordningane for arealdekning på mobil og betre breibanddekning må sjåast opp mot kvarandre.

Største delen av midlane kjem frå ei rammeløyving frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Departementet har mellom anna lagt til grunn fylgjande vilkår:

  • Nkom har utarbeidd kartfiler over område som kan få støtte. 
  •  Det kan bli gitt støtte til område som manglar mobildekning, eller som berre har mobildekning med 2G-teknologi. Etter utbygging skal det støtta nettet tilby minimum 4G- eller 5G-teknologi. 
  • Tilskot skal vere i samsvar med støtteordninga som er notifisert til ESA. 
  • Prosjekt som får tilskot skal lysast ut samla. Dette blir koordinert av fylkeskommunen. 
  • Prosjekt som får tilskot skal vere gjennomført innan 1. oktober 2028.
  • Kommunar som får tilskot må legge inn data i Ekomportalen, jamfør breibandutbyggingslova.

    Les meir om ordninga her.

Kommunane blir også bedne om å spesifisere anna finansiering, som til dømes private midlar/bidrag frå andre, eller dugnad. 

Det er tilgjengeleg 54,8 mill. kr. i 2026 som skal sikre betre arealdekning på mobil, og breiband i område som manglar tilfredsstillande dekning. Hovudutval for næring fordeler midlar mellom dei to ordningane ut frå ei totalvurdering av søknadane som kjem inn.