Søk tilskot til breibandutbygging
Vestland fylkeskommune lyser ut midlar til utbygging av breiband i fylket. Ordninga skal sikre hustandar og verksemder gigabitdekning der det ikkje er kommersielt lønsamt å bygge ut.
Førebels utlysing
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) utarbeider adresselister over bygg som er godkjent for støtte. Kommunane kan først søkje om støtte når dei har motteke og kvalitetssikra adresselista. Kommunane vil venteleg motta adresselistene i starten av mai.
Fleire kan få støtte
Frå 2026 kan husstandar og verksemder som manglar breibandtilbod på 300 Mbit/s få støtte. I fjor var denne grensa på 100 Mbit/s. Dette gjer at fleire kan få støtte i år. Etter utbygging er det krav om at alle husstandar og verksemder i utbyggingsområde skal få gibabitdekning. Det vil seie at dei skal ha ei nedlastingshastigheit på minimum 1 gigabit.
Ved prioritering mellom søknadar legg vi vekt på
- tal hustandar og bedrifter som får betring av breibandtilbodet
- kostnadseffektiv utbygging i det enkelte prosjektet
- lokal medfinansiering
I tillegg kan det bli gjort særskilte vurderingar knytt til mellom anna:
- om prosjektet har ein urimeleg høg kostnad per aksess
- om prosjektet har ingen eller svært låg lokal medfinansiering
- om midlane blir nytta slik at samfunnsnytten er størst mogleg i forhold til det offentlege støttebehovet i kvart prosjekt
- om ordningane breibandutbygging til hustandar og verksemder kombinerast med ordninga med støtte til mobildekning på ein slik måte at samfunnsnytten samla blir større
Det vil bli utforma meir detaljerte kriterier som blir lagt ved denne utlysinga i starten av mai. Det er viktig at søknadane svarer på desse punkta for å få uttelling i vurderinga.
Ny tilskotsordning til arealdekning på mobil
Fylkeskommunen vil lyse ut ei ny tilskotsordning til arealdekning på mobil. Ordninga skal gå til områder der behovet er størst, mellom anna langs viktige ferdselsårer. Det blir jobba med kriterier for denne ordninga, og ordninga vil truleg bli lyst ut etter sommaren.
Kven kan søkje?
Kommunar i Vestland kan søkje. Fleire kommunar kan gå saman om ein søknad dersom det er naturleg med utbyggingsområde som dekker fleire kommunar.
Krav til innhald i søknaden
Søknad skal fyllast ut med informasjon om prosjektet, beskriving av område og dekningsstatus, tal hustandar og bedrifter i området som manglar tilbod om breiband med 300 Mbit/s eller høgare kapasitet, korleis prosjektet skal finansierast, og anna relevant informasjon. Det er eit føremon om de beskriv korleis de er kome fram til kostnadsgrunnlaget.
Områda som er planlagt utbygd må merkjast av i kartløysinga Fylkesatlas. Denne kartløysinga inneheld også Nkom sine offisielle dekningstal. Sjå eiga brukarrettleiing for dette.
Det skal leggast ved adresselister for dei omsøkte områda i excel med tydeleg spesifisert hustandar, bedrifter og fritidsbustader. Då matrikkel ikkje er godt nok oppdatert i alle kommunar, så bør adresselistene vere gjennomgått og kvalitetssikra mot til dømes renovasjonslister. Bruk vedlagt mal.
Det er obligatorisk for å få handsama søknaden at område er avmerka i kart, og at adresselister følgjer søknaden.
Søknaden skal sendast inn gjennom www.regionalforvaltning.no
Vilkår for tildeling
Ved prioritering mellom søknadar legg vi mellom anna lagt vekt på:
- tal hustandar og bedrifter som får betring av breibandtilbodet
- kostnadseffektiv utbygging i det enkelte prosjektet
- lokal medfinansiering
I tillegg kan det bli gjort særskilte vurderingar knytt til mellom anna:
- om prosjektet har ein urimeleg høg kostnad per aksess
- om prosjektet har ingen eller svært låg lokal medfinansiering
- om midlane blir nytta slik at samfunnsnytten er størst mogleg i forhold til det offentlege støttebehovet i kvart prosjekt
- om ordningane breibandutbygging til hustandar og verksemder kombinerast med ordninga med støtte til mobildekning på ein slik måte at samfunnsnytten samla blir større
Det er ikkje absolutt krav om lokal medfinansiering, men det vert lagt vekt på det i vurdering av søknadar.
Detaljerte kriterier for vekting mellom søknadane blir lagt ut her i starten av mai.
Overordna krav til ordninga
Største delen av midlane kjem frå ei rammeløyving frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Departementet har mellom anna lagt til grunn fylgjande vilkår:
- Nkom har utarbeida adresselister over bygg som er støtteberettiga. Berre bygg som står i desse listene kan få tilskot.
- Det kan bli gitt støtte til hushaldningar og verksemder som i dag har under 300 Mbit/s. Etter utbygging skal breibandstilbodet vere på minimum 1 Gbit/s nedlastingshastigheit, og 150 Gbit/s opplastingshastigheit.
- Prosjekta som får støtte skal vera teknologinøytrale. Det vil seia at det ikkje kan stillast krav om t.d. fiberbreiband.
- Prosjekt som mottar tilskot skal etablere eit reelt breibandstilbod til alle hushald og verksemder innanfor det geografiske området det er søkt om støtte til, dvs. 100 prosent dekning innanfor det aktuelle området.
- Støttemidlar skal ikkje brukast til å etablere tilbod til fritidsbustader. Dette er ikkje til hinder for at infrastruktur for hushald eller bedrifter, også kan nyttast for å koble til fritidsbustader. Særkostnadene for å etablere tilknytingar til fritidsbustader skal i så fall skillast ut frå rekneskapen for det offentleg støtta prosjektet.
- Tilskot skal vera i tråd med ordning notifisert til ESA.
- Prosjekt som får tilskot skal lysast ut samla. Dette blir koordinert av fylkeskommunen.
- Prosjekt som mottar tilskot skal være gjennomført innan 1. oktober 2028.
- Kommunar som får tilskot må legge inn data i Ekomportalen, jamfør Breibandutbyggingslova.
Les meir om ordninga her.
Finansiering
Kommunane blir også bedt om å spesifisere anna finansiering, som til dømes private midlar/bidrag frå andre, eller dugnad. Dersom det blir planlagt ein sum frå private utover etableringskostnad betalt til leverandør skal det spesifiserast. Merk at kommunane garanterer for denne summen.
Ved lokal dugnadsinnsats skal det nyttast ein timesats på kr 400,-. Graving av grøfter til framføring generelt og på eigen tomt spesielt, blir fastsett etter ein sats på hhv. kr 400,- og kr 200,- pr meter. Dette skal spesifiserast i søknadsskjema.