Tilskot til rekruttering og kompetanse i landbruket
Tilskotsordninga skal legge til rette for styrka omdøme, rekruttering og kompetansebygging med mål om å styrke verdiskapinga i landbruket.
Vi kan støtte tidsavgrensa utviklingsprosjekt som bidrar til å realisere mål og strategiar i Temaplan landbruk for Vestland fylke 2023-2027 (PDF).
Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar kan søkje. Det blir ikkje gitt bedriftsretta støtte. Det vil seie at det ikkje blir gitt støtte som berre kjem til nytte for ei enkeltbedrift eller eit mindre og avgrensa tal bedrifter.
Krav til prosjektet
Følgjande krav til må vere oppfylt for at søknaden skal handsamast:
- Søkjar må vere i målgruppa for ordninga, og prosjekt må bidra til å realisere mål og strategiar i Temaplan for landbruk.
- Tiltaket må vere eit regionalt utviklingsprosjekt. Det vil seie tidsavgrensa tiltak på maksimalt 3 år som kjem i tillegg til ordinær aktivitet og som har regional betydning. Det omfattar til dømes utviklingsarbeid, klyngesamarbeid, kompetansehevingstiltak, metodeutvikling og tilrettelegging for næringsutvikling – både forprosjekt og fleirårige prosjekt.
- Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at
utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid. - Prosjektet som får støtte, må tilføre noko nytt utover tiltak og prosjekt som alt eksisterer.
Tildelingskriterium
Ved vurdering og prioritering vert det lagt vekt på følgjande kriterium:
- Det blir lagt vekt på kor godt prosjektet bidreg til å realisere mål og strategiar i Temaplan for landbruk
- Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering, metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Det vil bli lagt vekt på at relevante partnarar er med i prosjektet, og at det blir omtala korleis prosjektet er forankra hjå dei. Prosjektet må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort.
- Det må kome tydeleg fram kva mål prosjektet har og korleis prosjektet skal nå måla. Det må også kome fram kven som skal eige og vidareføre resultata frå prosjektet etter at prosjektperioden er over. Samanhengen mellom mål, aktivitet, tidsplan og budsjett vil bli vektlagt.
- Prosjekt og kurs med regional effekt eller overføringsverdi i form av tema eller metodeutvikling blir prioritert.
- Prosjekt og kurs som næringa har særskilt behov for vil bli prioritert.
Det kjem ei utlysing innan å syne fram moglegheiter for Vestlandslandbruket.I tillegg vert det vurdert eigna utlysing innan satsingsområde grøn innovasjon, utnytting av ressursar og restressursar frå landbruket. Dette er to av hovudprioriteringane for arbeidet med oppfølging av temaplanen for landbruk i 2024.
Kven kan søke?
- Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Enhetsregisteret.
- Føretak som er registrert i Enhetsregisteret, om tiltaket har som føremål å fremje fellesgoder knytt til næringsutvikling (tilretteleggande tiltak).
Midlane kan ikkje dekke
- Det blir ikkje gitt bedriftsretta støtte. Det vil seie at det ikkje blir gitt støtte som berre kjem til nytte for ei enkeltbedrift eller eit mindre og avgrensa tal bedrifter. I det ligg det at det ikkje blir gjeve støtte verken til å etablere, drive, gjere investeringar i, eller utvikle ei bedrift. Det blir heller ikkje gitt støtte til einskildpersonar (eksempelvis støttar vi ikkje investerings- og utviklingsprosjekt på eigen gard).
- Driftskostnader kan ikkje støttast dersom det ikkje er ein avgrensa del av eit definert utviklingsprosjekt. Vedlikehald av aktivitet vert heller ikkje støtta. Vedlikehald er aktivitetar som er naudsynte for å vidareføre eit produkt eller ei teneste på same nivå som i dag.
- Støtte til prosjekt utover 3 år
- Fysiske investeringar/infrastruktur
- Kausjon eller anna økonomisk garanti
- Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital
- Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
Finansiering av prosjekt
- Maksimal støttedel frå fylkeskommunen er normalt inntil 50 prosent av godkjent kostnadsoverslag til prosjektet, eksklusive mva. I særskilde tilfelle kan prosjekt støttast med ein høgare sats, men aldri over 75 prosent av godkjent kostnadsoverslag for tiltaket.
- Godkjent timesats er inntil 1,2 promille av årslønn, men avgrensa til kr 700 pr time.Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap.
- Prosjekt kan normalt ikkje kan få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre.
- Det kan ikkje sendast søknad om støtte til same prosjekt frå både regionale tilretteleggingstiltak og rekruttering og kompetanseheving.
- Midlane skal tildelast i tråd med regelverket for offentleg støtte, jf. EØS-avtalen artikkel 61(1). Dette vil kunne avgrense støttegrad og tildeling.
Søknader skal innehalde
- Ein omtale av tiltaket det blir søkt om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordningar
- Plan for gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar
- Forventa resultat, inkludert planlagt tal deltakarar på kurs/aktivitet
- Budsjett for prosjektet/tiltaket, inkludert finansieringsplan. Budsjettet må vere i samsvar med planlagde aktivitetar
- Søknadssum
- Andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjeringa
Økonomiske rammer
Vestland fylkeskommune har fått 1,96 mill. kr til denne ordninga i 2024. I tillegg kjem eventuelle restmidlar frå ordninga.