Tilskot til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket
Midlane til regionale tilretteleggingstiltak i landbruket skal bidra til auka matproduksjon, utvikling og modernisering av tradisjonelt og økologisk landbruk og utvikling av andre landbruksbaserte næringar som lokal mat og drikke, reiselivstilbod, verdiskaping basert på utmarksressursane og Inn på tunet.
Dette er utlysinga frå 2022. Ny utlysing er venta i slutten av februar 2023.
Vestland fylkeskommune har fått 6 mill. kr til denne ordninga i 2022. I tillegg kjem eventuelle restmidlar frå ordninga.
Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar kan søkje. Det blir ikkje gitt bedriftsretta støtte. Det vil seie at det ikkje blir gitt støtte som berre kjem til nytte for ei enkeltbedrift eller eit mindre og avgrensa tal bedrifter. I det ligg det at det ikkje blir gjeve støtte verken til å etablere, drive, gjere investeringar i, eller utvikle ei bedrift. Det blir heller ikkje gitt støtte til einskildpersonar (eksempelvis støttar vi ikkje investerings- og utviklingsprosjekt på eigen gard). Føretak kan unnataksvis søkje dersom tiltaket er eit fellestiltak knytt til næringsutvikling.
Prioriteringar i 2022
- Positivt omdømme og synleggjering av moglegheiter i næringa
Synleggjering av fagutdanning og moglegheiter, dyrevelferd, klima- og miljøinnsats og landbruksteknologi/FoU, bidrag til rådgjeving/møteplassar, urbant landbruk, landbruksretta entreprenørskap - Marknadstilpassa auke i volum og omsetningsverdi av frukt, bær og grønt og legge grunnlag for fleire vekstbedrifter
Mobilisering og kompetanse for å auke planting, avling, omsetnad, økologisk, framtidsretta arealtilpassing med nye produksjonssystem, særskilte kvalitetar/sortar/sesong, lokale/regionale verdikjedar og styrking av miljø innan grønsaker og potet - Auka grovfôrproduksjon tilpassa eit endra klima
Avlingsauke, fôr- og jordkvalitet, beitebruk, teknologiutvikling, rådgjeving og energiproduksjon - Eit moderne driftsapparat med lausdrift i mjølkeproduksjon
Mobilisering til fornying av driftsapparatet, også på mindre bruk, ny teknologi og god dyrevelferd/dyrehelse - Marknadstilpassa utvikling av kjøtproduksjonen med moderne produksjonsapparat og driftsopplegg
Mobilisering til marknadstilpassa produksjonsauke på storfekjøt, utvikling i sauehaldet, god dyrevelferd/dyrehelse og auka produksjon og omsetnad av økologisk kjøt - Styrke verdikjeda for lokalt trevirke
Leggje til rette for innovasjon og konkurransekraft i heile verdikjeda for lokalt trevirke - Auka tilbod og lønsemd innan IPT
Prioriterer tilbod innan områda demens, skule, og psykiatri/rus, kompetansebygging hjå kjøpargrupper, nettverks- og kompetansearbeid mellom anna innan entreprenørskap, bedriftsleiing og marknad - Auka lønsemd og mangfald i lokal mat, drikke og landbruksbasert reiseliv
Mobilisering til rekruttering, etablering og samarbeid i ulike produksjonar, utvikling av distribusjonssystem, fremjing av lokal mat og drikke, økologisk mat, mat som identitetsbyggar/lokal matkultur, utnytting av utmarksressursane som til dømes vilt, oppfølging av nasjonale og internasjonale arrangement, utvikling av landbruksbasert reiseliv og auka kompetanse i entreprenørskap, bedriftsleiing og marknad. Tilskot frå Regionale tilretteleggingsmidlar til prosjekt omtala i dette punktet skal legge grunnlag for auka verdiskaping i landbruksnæringa.
Kven kan søkje?
- Kommunar, organisasjonar og forskings- og utviklingsinstitusjonar registrert i Enhetsregisteret.
- Føretak som er registrerte i Enhetsregisteret, om tiltaket har som føremål å fremje fellesgoder knytt til næringsutvikling (tilretteleggande tiltak).
Vilkår for tildelinga
- Prosjektet skal vere i tråd med fylkeskommunen sine mål og strategiar for landbruket i Vestland.
- Midlane skal gå til prosjekt som har som føremål å fremje fellesgoder knytt til næringsutvikling/tilretteleggande tiltak. Tilretteleggande tiltak adresserer meir generelle utfordringar, og er tiltak på samfunnsnivå.
- Midlane skal gå til mjuk infrastruktur som til dømes utviklingsarbeid, kompetanseheving og tilrettelegging for næringsutvikling.
- Det vil bli lagt vekt på at søkjar har gjennomføringsevne. Det vil mellom anna seie at det vert vurdert kva kompetanse søkjar har eller vil knyte til seg, organisering og metodebruk og sårbarheita i prosjektet. Prosjektsøknaden må vere realistisk, og risikofaktorane må vere klargjort.
- Tilskot frå fylkeskommunen skal ha utløysande effekt. Det vil seie at utviklingsprosjektet ikkje vil bli gjennomført utan tilskotet frå fylkeskommunen, eller at det ikkje vert gjennomført i ønska omfang eller til ønska tid.
- Prosjekt med regional effekt eller overføringsverdi i form av tema eller metodeutvikling blir prioritert.
Midlane kan ikkje dekke
- Driftskostnader i næringsverksemd eller organisasjonar kan normalt ikkje støttast om det ikkje er ein del av eit definert utviklingsprosjekt. Vedlikehald av aktivitet vert heller ikkje støtta. Vedlikehald er aktivitetar som er naudsynte for å vidareføre eit produkt eller ei teneste på same nivå som i dag.
- Fysiske investeringar/infrastruktur
- Kausjon eller anna økonomisk garanti
- Direkte eller indirekte investeringar i verksemder sin eigenkapital
- Renter og avdrag på lån og refinansiering av gjennomførte prosjekt
Finansiering av prosjekt
- Maksimal støttedel frå fylkeskommunen er normalt inntil 50 prosent av godkjent kostnadsoverslag til prosjektet, eksklusive mva. I særskilde tilfelle kan prosjekt støttast med ein høgare sats, men aldri over 75 prosent av godkjent kostnadsoverslag for tiltaket.
- Godkjent timesats er inntil 1,2 promille av årslønn, men avgrensa til kr 700 pr time.Tal timar skal spesifiserast både i søknad og ved levering av rapport/rekneskap.
- Prosjekt kan normalt ikkje kan få støtte frå fleire finansieringskjelder som fylkeskommunen disponerer, eller har overført til andre.
- Det kan ikkje sendast søknad om støtte til same prosjekt frå både regionale tilretteleggingstiltak og rekruttering og kompetanseheving.
Søknader skal innehalde
- Ein omtale av tiltaket det blir søkt om støtte til, inkludert målsettingar for tiltaket og relevans for formålet med tilskotsordningar
- Plan for gjennomføring, medrekna aktivitetar, tidsplan, organisering og samarbeidspartnarar
- Forventa resultat, inkludert planlagt tal deltakarar i prosjekt/aktivitet der det er naturleg
- Budsjett for prosjektet/tiltaket, inkludert finansieringsplan. Budsjettet må vere i samsvar med planlagde aktivitetar
- Søknadssum
- Andre relevante opplysningar søkjar meiner er viktige for søknaden og andre opplysningar som er spesifisert i kunngjeringa
Grunnlag for prioriteringar
Grunnlaget for prioritering av midlane er utarbeida i samarbeid med Innovasjon Norge, Statsforvaltaren og næringa sine organisasjonar i Handlingsplan for landbruk i Vestland 2022. Dei regionale tilretteleggingsmidlane skal forvaltast i tråd med dei måla og strategiane som er sette i dette handlingsprogrammet, og i tråd med nasjonal forskrift på området. Tildelinga vil også skje etter innspel frå Innovasjon Norge, Statsforvaltaren og næringa sine organisasjonar.