Tilskot til vaksenopplæring
Vestland fylkeskommune lyser ut tilskot til vaksenopplæring gjennom dei regionale studieforbunda i Vestland. Søknadsfristen er 2. mai 2024.
Ordninga skal stimulere til opplæringsverksemd gjennom dei regionale/fylkesvise studieforbunda og i medlemsorganisasjonane som er tilslutta studieforbunda.
Kven kan søke?
Studieforbunda sine regionale ledd i Vestland fylke kan søkje om støtte gjennom ordninga. Det regionale leddet må vere tilslutta eit godkjent studieforbund på nasjonalt nivå for å kunne søkje om støtte, jf. lov om vaksenopplæring.
Det regionale leddet til studieforbundet må ha gjennomført minst registrerte 500 studietimar to år i førevegen for å kunne søkje om tilskot.
Søknadsfrist
Søknadsfristen 2. mai 2024.
Utrekning av tilskot
Tilskotet er todelt gjennom eit grunntilskot på 5000 kr og eit aktivitetstilskot basert på registrerte studietimar. Fylkeskommunen legg studietimar registrert i Statistisk sentralbyrå (SSB) to år i førevegen til grunn for utrekninga av tilskot.
Søknad, sakshandsaming og vedtak
Søknaden skal fremjast på elektronisk søknadsskjema via nettsidene til Vestland fylkeskommune. Søkjar skal leggje ved budsjett for inneverande år og årsmøtegodkjent årsmelding og rekneskap for føregåande år saman med søknaden.
Oppfølging og rapportering
Tilskotet skal gå til studieforbundet si drift og verksemd i tilskotsåret. Mottakaren rapporterer for dei tildelte midlane saman med søknad ved å legge ved godkjent årsmelding og årsrekneskap for førre år. Godkjent årsmelding og årsrekneskap er å sjå som rapport for bruken av tildelte midlar.