Hjelpemiddel
På dei fleste skriftlege eksamenar kan du bruke alle hjelpemiddel utanom internett og hjelpemiddel som kan brukast til å kommunisere. Du må sjølv ta med deg hjelpemidla du ønskjer å bruke på eksamen.
På eksamenar i norsk, engelsk og språkfag har du ikkje lov til å bruke omsetjingsprogram.
På denne sida frå Utdanningsdirektoratet finn du informasjon om hjelpemiddel og spesielle krav som gjeld din eksamen.
På denne sida frå Utdanningsdirektoratet finn du brukarstøtte og praktisk informasjon til eksamen.
Hjelpemiddel på todelte eksamenar
På todelte eksamenar kan du berre bruke hjelpemiddel på del to. På del ein kan du berre bruke skrivesaker, passar, linjal og vinkelmålar.
Tilgong til eksamenssvaret etter eksamen
Alle kandidatar kan sjå sine leverte eksamenssvar på kandidat.udir.no. Eksamenssvaret blir tilgjengeleg dagen etter eksamen. Du må logge inn med ID-porten eller med Feide.
Safe Exam Browser (sikker nettlesar)
Udir arbeider no med å innføre Safe Exam Browser på eksamen i vidaregåande skule. Våren 2026 vil dette berre gjelde nokre fag. Våren 2027 vil SEB truleg bli brukt på dei fleste skriftlege eksamenar med unntak av faga som har todelt eksamen.
Kva er Safe Exam Browser?
SEB er eit lite program som du må laste ned på maskina di før du skal ta eksamen. Når du opnar eksamensoppgåva vil SEB opne seg automatisk og stenge tilgangen til ressursar du har på datamaskina di.
Les meir på Utdanningsdirektoratet sine sider.
Sjekk om din eksamen blir gjennomført i SEB på kandidat.udir.no.