Nettbaserte hjelpemiddel til eksamen

Her er oversikt over tillatne nettbaserte hjelpemiddel for skriftleg eksamen ved vidaregåande opplæring i Vestland fylkeskommune.

Elevar og privatistar i Vestland vil ha tilgang til nettressursane på denne sida på eksamen våren 2024. Ressursane vil bli strokne av lista dersom dei får funksjonalitet for KI, kommunikasjon eller liknande.

Vestland fylkeskommune tilrår at du så langt som mogleg lastar ned ressursar du er avhenging av og lagrar dei lokalt på maskina di. Det er ikkje mogleg å garantere at nettbaserte hjelpemiddel fungerer heile tida.

Ordbøker

Det er fleire ordbøker på listene. Du bør gjere deg kjend med fleire av desse. Under eksamen kan det vere stor pågang på nokre nettsider, det kan føre til at dei heng eller er treige. Å kjenne til fleire ordbøker vil gjere deg betre rusta for eksamen.

Dersom du har moglegheit til å laste ned ordbok som fungerar utan nettilgang, bør du gjere det. Alle elevar på Vestland fylkeskommune sine skular kan laste ned Ordnett Pluss gratis frå skuleportalen.

LEXIN-ordbøkene er laga spesielt for minoritetsspråklege elevar. Språkrådet har ikkje godkjent at LEXIN-ordbøkene i bokmål og nynorsk kan brukast i opplæring og på eksamen for andre elevar.

Nasjonal liste med nettressursar

Denne lista er felles for alle fylkeskommunar. Du kan lese meir om lista på Novari IKS sine nettsider.

Vestland fylkeskommune si lokale tilleggsliste

Alle nettressurasane krev at du har lisens eller konto. Kontoen må opprettast før eksamensdagen. Privatistar må sjølv opprette konto. Elevar i Vestland fylkeskommune vil ha tilgang til dei same nettressursane dei bruker i undervisninga og skal logge seg på med feide-brukaren sin.

Oppdatert 11. april 2024.