Utsetje eksamen til neste semester
Bruk skjemaet du finn på denne sida. Skjemaet opnar for innsending når eksamensperioden byrjar 1. november 2024. Du må dokumentere fråværet med til dømes skriv frå lege. Vi refunderer ikkje eksamensavgifta. Utsett eksamen gjeld til våren 2025.
Meld frå innan ei veke
Dersom du var sjuk eller ikkje kunne møte på privatisteksamen av andre grunnar, har du rett til gratis utsett eksamen dersom du melder frå. Frist for å melde frå er ei veke etter at du hadde eksamen.