Søknad og inntak til vidaregåande opplæring

Vestland fylkeskommune har vidaregåande skular over heile fylket, med eit breitt utval av utdanningsprogram og programområde. På desse sidene finn du informasjon om skulane, skuletilbodet, søknadsprosessen og inntak. Fleire av lenkene fører deg vidare til Vilbli.no, der du finn både generell informasjon og detaljar som gjeld Vestland spesielt. Søknadsfrist for ordinære søkjarar er 1.mars. Merk at søknader som kjem inn etter fristen vil få fem minuspoeng i inntaksprosessen.