Ungdata

Her finn du informasjon om og resultata frå Ungdata-undersøkinga i Vestland.

Ungdata-undersøkinga er gjennomført i nesten alle kommunar i Vestland i 2021 og 2024. Ungdata-undersøkinga har tidligare vore gjennomført i kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Målet er å gjennomføre undersøkinga kvart 3. år. 

Når alle gjennomfører på same tid, får vi svært gode resultat på fylkesnivå, og moglegheit for å sjå på geografiske forskjellar. Ungdata er eit stort og viktig kunnskapsgrunnlag for kartlegging, analyse og planlegging i kommunane og i fylket.

Ungdataundersøkinga er gjennomført av Velferdsforskningsinstituttet NOVA ved OsloMet i samarbeid med dei regionale kompetansesentra for rusfeltet (KoRus). Ungdata er finansiert over statsbudsjettet gjennom tilskot frå Helsedirektoratet. Undersøkinga i Vestland er eit samarbeid mellom NOVA ved OsloMet, KoRus Vest Bergen, Vestland fylkeskommune og kommunane i fylket.

Les meir om undersøkinga på Ungdata sin nettside. 

Resultata frå Ungdata 2024

Om lag 44 000 barn og ungdom i Vestland har svart på undersøkinga i 2024.

Nøkkeltalrapport 2024

Nøkketalsrapportane presenterer hovudresultata frå undersøkinga delt på gutar og jenter og klassetrinn. Vidare blir resultantane frå Vestland samanlikna med samla tal for Noreg.

Nøkkeltalrapportane for Vestland er utarbeida av Ungdatasenteret v/ Velferdsfordkningsinstituttet NOVA, OsloMet Storbyuniversitet, i samarbeid med KoRus Vest Bergen.

Resultata frå Ungdata 2021

Om lag 48 000 barn og ungdom i Vestland har svart på undersøkinga i 2021.

Nøkkeltalrapport 2021

Nøkketalsrapportane presenterer hovudresultata frå undersøkinga delt på gutar og jenter og klassetrinn. Vidare blir resultantane frå Vestland samanlikna med samla tal for Noreg.

Nøkkeltalrapportane for Vestland er utarbeida av Ungdatasenteret v/ Velferdsfordkningsinstituttet NOVA, OsloMet Storbyuniversitet, i samarbeid med KoRus Vest Bergen.

Korona 2021

I undersøkinga i 2021 var det inkludert spørsmål knytt til korona og korleis ungdommen har opplev pandemien. I presentasjonen under finn de ungdommen sine svar på dei koronarelaterte spørsmål i undersøkinga. 

Vestlandspakka 2021

I 2021 utarbeiddde Vestland fylkeskommune ei vestlandspakke med tilleggsspørsmål, som var obligatorisk for alle vidaregåande skuler, og anbefalt for ungdomskulane. I rapporten under presenterer vi svara frå spørsmål i vestlandspakka i vidaregåande skule.

Presentasjonane av vestlandspakka er utarbeidd av Vestland fylkeskommune. NOVA er ikkje ansvarleg for analysar eller fortolkingar av resultata.