Kontrollutvalet

Kontrollutvalet skal føre kontroll med den fylkeskommunale forvaltninga på vegne av fylkestinget, og sjå til at fylkeskommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Kontrollutvalet gjev innstilling i revisjonssaker direkte til fylkestinget.

Utvalet skal gjennom arbeidet sitt bidra til at innbyggjarane og andre interessentar har tillit til Vestland fylkeskommune, og at fylkeskommunen leverer tenester og utfører mynde effektivt og målretta i samsvar med lov, forskrift og andre reglar, samt fylkestinget sine føresetnader og vedtak.

Kontrollutvalet skal framstå som eit kompetent, uavhengig, objektivt og synleg organ med høg integritet.

Førespurnadar til kontrollutvalet

Som innbyggjar i fylket kan du ta kontakt med kontrollutvalet dersom du har generelle innspel eller tips om både konkrete og moglege kritikkverdige forhold som kan vere tema og område for kontroll eller revisjon.

Det er likevel i hovudsak er utanfor kontrollutvalet sitt mandat og reglement å behandle førespurnadar som blant anna gjeld enkeltsaker, klagesaker, saker som er til behandling i rettsapparatet, usemje i politiske vedtak eller varsel etter arbeidsmiljølova kapittel 2a.

Kontrollutvalet har berre plikt til å behandle saker som fylkestinget ber det om, eller der det går fram av kommunelova kapittel 23 og 24. Når det gjeld førespurnadar frå andre enn fylkestinget, må kontrollutvalet sjølv vurdere om det vil prioritere å sjå nærare på dette.

Vi gjer også merksam på at kontrollutvalet ikkje er eit forvaltningsorgan som fattar enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2. Personar som tek kontakt med kontrollutvalet er ikkje å rekne som part i ei eventuell påfølgjande kontrollsak. Det er derfor ikkje klagerett på vedtak gjort av kontrollutvalet, eller andre partsrettar etter forvaltningslova § 28, knytt til vedtak gjort av utvalet.

Medlemer

Kontrollutvalet i Vestland fylkeskommune har sju medlemer. Leiar, nestleiar og ein av medlemene blir valde blant fylkestinget sine medlemer. Leiar og fleirtalet i kontrollutvalet skal ikkje vera medlem av same parti eller tilhøyra same gruppe som fylkesordføraren.

Kontrollutvalet har normalt 8 - 9 ordinære møte i året. Møta i kontrollutvalet er opne for ålmenta.

NB! Kontrollutvalet må ikkje forvekslast med sekretariat for kontrollutvalet