Hovudutval for opplæring og kompetanse
Utvalet skal med grunnlag i opplæringslova med forskrifter sikre innbyggjarane i fylket kvalitet og tilgang til vidaregåande opplæring og fagskuleutdanning.
Utvalet skal styrke den regionale kompetansepolitikken gjennom eit tettare samarbeid mellom arbeidsliv og utdannings- og opplæringsaktørar om behov og tilrettelegging for utdanning og kompetanseutvikling.
Utvalet skal ha 15 medlemmar.