Fylkestinget
Fylkestinget i Vestland har 65 medlemmar, og er det øvste politiske organet i fylkeskommunen. Jon Askeland (Sp) er fylkesordførar. Stian Davies (Ap) er fylkesvaraordførar.
Fylkestinget gjer vedtak i alle viktige og prinsipielle saker som gjeld verksemda til fylkeskommunen. Fylkesordføraren er leiar for fylkestinget.
I praksis tek fylkestinget i vare ansvaret sitt ved å delegere oppgåver til fylkesutvalet, dei faste utvala i fylkeskommunen og til fylkesrådmannen.
I valperioden 2023–2027 er 12 politiske parti representerte i fylkestinget.
Partifordeling
- Høgre har 15 representantar
- Arbeidarpartiet har 12 representantar
- Fremskrittspartiet har 9 representantar
- Senterpartiet har 7 representantar
- SV – Sosialistisk Venstreparti har 5 representantar
- Industri- og næringspartiet har 3 representantar
- Kristeleg Folkeparti har 3 representantar
- Venstre har 3 representantar
- Miljøpartiet Dei Grøne har 3 representantar
- Raudt har 2 representantar
- Bergenslisten har 1 representant
- Pensjonistpartiet har 1 representant
- 1 representant er uavhengig