Villrein i Vestland fylke

Norge er det einaste landet i Europa som framleis har fjellområde med villrein. Dette forpliktar og det er viktig å sikre ein slik naturverdi for framtida.

Dei regionale planane for villreinfjella vart utarbeidd etter ei bestilling frå Miljøverndepartementet 2007. Føremålet var å leggje til rette for ei langsiktig og heilskapleg forvaltning av fjellområde som er særskild viktige for villreinen si framtid i Noreg. Planane skulle fastsette ei langsiktig arealforvaltning som balanserer bruk og vern for desse fjellområda inkludert influensområda. Planane har som mål å ta omsyn både til framtida for villreinen og samfunnsutviklinga i planområdet. Situasjonen for villreinen er ikkje blitt betre sidan planane vart vedteken, heller tvert imot.

Dei regionale fjellplanane vi har interregionalt plansamarbeid om er;


Kvalitet i fjellet?

Det er utarbeida ein Kvalitetsnorm for villreinen i Norge, som gir ny kunnskap om situasjonen for villrein i dei ti nasjonale villreinområda. Her er områda vurderte etter ein trafikklysmodell, der gul og grøn er sett på som godkjend tilstand, medan raud ikkje er godkjend. Vurderingane er gjort på bakgrunn av bestandsforhold, lavbeite og leveområde/menneskeleg påverknad. Den nye kunnskapen viser at villreinen har store utfordringar i alle dei ti nasjonale villreinområda. Tre av fire Nasjonale villreinområde i Vestland er kategorisert som raud – dårleg tilstand.

Stortingsmelding om villrein

Utviklinga for villreinen har over lang tid gått i feil retning. Regjeringa har difor vedteke å lage ei stortingsmelding og tiltaksplanar for dei einskilde nasjonale villreinområda. Her vil regjeringa vurdere kva for grep som må takast for å berge villreinen. Det er skissert fem overordna politikkområde: Bestandsforvaltning, dyrehelse, arealforvaltning, naturrestaurering og ferdsel.

Samarbeid på tvers av fylker

Villreinen kjenner ikkje våre administrative grenser, og dei fleste villreinområde går på tvers av kommunar og fylker. Vestland har tett samarbeid og dialog med andre fylker som har tilgrensande areal. Det er oppretta felles sekretariat på tvers av fylkesgrensene. I tillegg har vi tett samarbeid med Norsk Villreinsenter. Det er Villreinsenteret som driftar heimesida www.villrein.no. Her er det veldig godt tilrettelagt informasjon om villrein generelt i Norge, i tillegg til arbeidet med dei Regional fjellplanane.