Rådgjeving by- og stadutvikling
Styrken til kvar einskild stad ligg i landskapet. Korleis tek vi omsyn til særpreg når vi formar bygg og landskap? Fylkeskommunen bidreg som samarbeidspartnar og rådgjevar for kommunane i dette arbeidet.
Å kopla på fleire fagfelt i utviklinga av ein stad har stor verdi for å sjå styrker og utfordringar tidleg. Landskapsarkitektar, sosiologar, sosialantropologar, geologar, klimatologar, landskapsøkologar, arkitektar og samfunnsplanleggarar har ulike perspektiv og kan bidra i arbeidet.
Arkitektur og landskapsarkitektur må passe til staden. Vi må òg ta omsyn til klima, natur og landskap, lokal tilhøyrsle, historia og behova til menneska som lever der.
Kva kan fylkeskommunen bidra med?
Fylkeskommunen kan støtte kommunen i utviklingsarbeidet og vere med å planlegge gode prosessar for medverknad. Vi kan legge til rette for nettverksbygging, kunnskapsoverføring og utveksling av erfaring. Det kan vi gjere gjennom fysiske møte, synfaringar, seminar, symposium og feltarbeid. Fylkeskommunen kan også bidra med digitale ressursar.
Metodar og verktøy
Aktiv medverknad
I arbeidet med by- og stadutvikling er det viktig at kommunane tar med ulike aktørar, som innbyggjarar, lag og organisjonar, kultur- og næringsliv. Det er med og sikrar aktiv medverknad, politisk forankring og gjennomføring.
Plan- og utviklingsarbeid for den berekraftige, attraktive og trygge staden er ei samansett og langsiktig oppgåve som krev involvering. Ulike former for samarbeid og partnarskap med lokalsamfunn og næringsliv er aktuelle.
Feltarbeid
I arbeidet med by- og stadutvikling kan feltarbeid og klar kommunikasjon styrke plan- og utviklingsarbeidet. Målet er å skape handlingsrom for innbyggjarane.
Stadanalyse
Stadanalyse kan vere eit nyttig verktøy for å lære om og få lokal kunnskap om staden. Analysen er ei systematisering av kunnskap for å forstå korleis ein stad har utvikla seg over tid. I analysearbeidet kan vi kartlegge særpreg, lokale verdiar og kvalitetar og sjå dei i samanheng. Det kan gi grunnlag for nyskaping, berekraftig utvikling og endring.