Berekraftig samfunnsutvikling

Vestland fylkeskommune kan støtte kommunar i arbeidet med berekraftig samfunnsutvikling.

Ei gate i København med gåande og syklande.
Innsatsområda for tilskotsordninga er klima, folkehelse og byidentitet. Foto: Shutterstock.

Innanfor dei tre innsatsområda folkehelse, klima og by- og stadutvikling har kommunar i lag med lokalsamfunn og næringsliv testa ut skulematordning, urban dyrking, laga gå- og sykkelstrategier og etablert viktige møteplassar i lokalsamfunna. Under finn du eit utval av prosjekt fylkeskommunen har støtta, mange frå tilskotsordninga Berekraftig samfunnsutvikling i perioden 2020-2022.

Utviklingsplanen for Vestland 2024–2028) set retning for utviklinga i fylket, og klima og miljø er sett som premiss for samfunnsutviklinga. Eit berekraftig og nyskapande Vestland er visjonen for å styrke lokalsamfunn, kvardagsliv og like moglegheiter for alle.

FN sine berekraftsmål skal ligge til grunn for samfunnsutviklinga i Vestland fylke. Mål 17; Samarbeid for å nå måla, peiker på at vi må samarbeide på tvers av sektorar og forvaltningsnivå for å møte dei store samfunnsutfordringane framover. 

Utvalde prosjekt som har fått tilskot frå Vestland fylkeskommune