Tilskot til berekraftig samfunnsutvikling

Vestland fylkeskommune har vedtatt å lyse ut kr. 8,4 millionar i tilskot til berekraftig samfunnsutvikling i 2023. Tema for tilskotsordninga er levande byar og stadar, klima- og miljøarbeid og sosial utjamning.

Utviklingsplanen for Vestland 2020–2024 (PDF) set retning for utviklinga i fylket. I planen er klima og miljø sett som premiss for samfunnsutviklinga. Visjonen er eit berekraftig og nyskapande Vestland, for å styrke lokalsamfunn, kvardagsliv og like moglegheiter for alle. Fylkeskommunen vil støtte prosess- og utviklingsarbeid som stør opp om denne innsatsen.

Ordninga omfattar tre innsatsområde. Kommunane kan søkje på eit eller fleire av innsatsområda. Vi oppmodar om å søke på tvers av innsatsområda. Meir om innsatsområda nedanfor.

Føremålet med tilskotsordninga

Tilskotsordninga skal bli brukt til by- og stadutvikling, sosial utjamning av helseskilnadar, og til å mobilisere til klimaomstilling og nullutslepp. Dette for å skape tilgjengelege, inkluderande og trygge stadar der folk trivast, kjenner tilhøyrsle og stimulerer til aktive liv.

FN sine berekraftsmål skal ligge til grunn for samfunnsutviklinga i Vestland fylke. Mål 17 “Samarbeid for å nå måla” er sentralt for å skape ei meir berekraftig retning.

Kven kan søkje?

Kommunar i Vestland fylkeskommune.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for 2024 blir lagt ut så snart dette er klart.

Støttenivå

Vestland fylkeskommune vil kunne gje støtte med inntil 50 prosent av total kostnad. Det er krav om eigenfinansiering frå søkjar.

Kva kan ein få støtte til?

  • Ny kunnskap: Kommunen kan søkje støtte til å auke kunnskapsgrunnlag og/eller
    kompetanseheving på tvers av kommunale sektorar. Dette kan omfatte kartlegging,
    registreringar og analysar.
  • Nyskapande prosessarbeid: Mobilisering og samhandling mellom ulike grupper, fag, oppgåver og interesser. Opne, aktive og deltakande prosessar
  • Utviklingsarbeid og gjennomføring: Kommunen kan søkje støtte til ulike steg i arbeidet, til ide, utvikling og realisering av arbeidet.

Krav til vurdering av søknad

Følgjande vilkår må vere oppfylt for at tilskot skal kunne tildelast:

  • Ordninga omfattar tre innsatsområde (by- og stadutvikling, klima og miljø, sosial
    utjamning). Kommunane skal søkje på eit eller fleire av innsatsområda.
  • Søknad må støtte opp under overordna mål og strategiar i utviklingsplan for
    Vestland 2020 – 2024, overordna mål i gjeldande regionale planar og overordna
    føremål med tilskotsordninga.
  • Søknad må vise til forankring i kommunale planar, strategiar eller relevante vedtak.
  • Søknad må vise til relevant kunnskap, ev. behov for ny kunnskap.
  • Søknad skal vise til at arbeidet vil ha ein overføringsverdi til andre kommunar.
  • Eigenfinansiering

Vurderingskriterium

Søknadar vil bli vurdert og vektlagt ut frå følgjande kriterium:

  • Verknad for by- og stadutvikling, klima og miljø og sosial utjamning samla og/eller
    kvar for seg.
  • Søknadar som er berekraftig og heilskapleg.
  • Arbeid som bidreg til involvering og samspel/samarbeid på tvers.
  • Nyskaping og/eller innovasjon i arbeidet.
  • I kva grad plan for evaluering er skissert i søknad.
  • Søknad viser omsyn til universell utforming

Søknadar som har låg vurdering/vekting på eit eller fleire vurderingskriterium kan få avslag/avkorta stønad.

By- og stadutvikling

Vestland fylkeskommune skal skape gode ramme for kvardagslivet i byar og stadar. Innsatsområde skal støtte kommunane sitt arbeid med sentrum og nærmiljø for å stimulere til trivsel, aktive liv og møte mellom folk. Arbeid med mangfaldige, attraktive og særprega stadar, haldbare bygg og uterom. Nyskaping, ombruk og fornying tufta på stadbundne verdiar og kvalitetar.

Til dømes kan vi støtte

  • mellombelse møteplassar. Ny funksjon og nye uttrykk innafor eit gitt tidsrom
  • transformasjon og ombruk
  • arbeid med mangfald, fleksible og haldbare uttrykk, arkitektur og landskapsforming

Klima og miljø

Vestland fylkeskommune har klima og miljø som premiss for samfunnsutviklinga. Innsatsområdet skal støtte kommunane sitt arbeid med å redusere direkte og indirekte klimagassutslepp, klimatilpassing og ta i vare det biologiske mangfaldet. Vurdering av klimarisiko for å førebu oss på konsekvensar av klimapolitikk og klimahendingar. Dette for å skape eit klimarobust samfunn.  

Til dømes kan vi støtte

  • arbeid knytt til direkte og indirekte klimagassutslepp, som kunnskapsgrunnlag, tiltak og framskriving
  • kartlegging av naturmangfald, økosystem og arealbruk med særskilt betydning for klimatilpassing og utsleppsreduksjon
  • utgreiing og arbeid knytt til klimarisiko, samt gjennomføring av tiltak

Sosial utjamning

Vestland fylkeskommune vil styrke grunnlaget for gode kvardagsliv og like moglegheiter for alle. I måla for folkehelsearbeidet skal vi arbeide for ei samfunnsutvikling som utjamnar sosial ulikskap i helse. Innsatsområdet skal støtte kommunane sitt arbeid med sosial utjamning, for å betre vilkåra og gjere tersklane lågare for alle. Folkehelseoversikta i Vestland løftar fram at vi må ha søkjelys på grupper som av ulike årsaker ikkje har moglegheit til å delta på like vilkår. Dette kan mellom anna skuldast økonomi, funksjonsnivå, kunnskap og utdanning.

Til dømes kan vi støtte:

  • arbeid med å styrke kommunen sin folkehelseoversikt knytt til sosial ulikskap
  • utvikling av tiltak i tråd med kommunen sitt kunnskapsgrunnlag, med mål om utjamning av sosial ulikskap
  • Arbeid til gjennomføring av tradisjonelt lovpålagte oppgåver etter forventa minstekrav
  • Ordinær drift eller innkjøp av utstyr eller anlegg
  • Arbeid som kan få støtte frå ENOVA og NVE
  • Ladeinfrastruktur

Forvaltningslova ligg til grunn for all søknadshandsaming i Vestland fylkeskommune.

Alle søknader er i utgangspunktet offentleg tilgjengelege, jf. forvaltningslova (fvl.). Unnatak gjeld personopplysningar. Desse vert unnateke offentlegheita jf. fvl. §13. I særlege tilfelle kan utsett offentlegheit vurderast etter fvl.

Avdeling for kultur og folkehelse og avdeling for næring, plan og innovasjon førebur søknadane for politisk handsaming og vedtak i fylkesutvalet. Handsaming av kvar søknad er eit einskildvedtak, og innstilling skal grunngjevast i saksframlegget. Vedtak som fråvik
frå fylkesdirektør si innstilling skal også grunngjevast.

Søknadene skal i hovudsak vere handsama innan tre månader etter søknadsfrist.

Vilkår og retningslinjer for gjennomføring av tiltak går fram av tildelingsbrev. Tilskotet må bli brukt i samsvar med planlagde aktivitetar på den måten og i det tidsrom som går fram av søknaden. Eventuelle vesentlege endringar i prosjektet må meldast skriftleg til
fylkeskommunen for vurdering og godkjenning.

Tilsegn om tilskot vil kunne gjelde i inntil seks veker frå svar om vedtak er sendt til søkjaren. Tilsegna vil kunne felle bort, og midlane inndregne dersom:
• søkjar ikkje innan seks veker etter å ha mottatt tilsegn om tilskot returnera eit signert akseptskjema på vilkår for tilsegn.
• tiltaket ikkje er igangsett innan eitt år etter tildeling.
• søkjaren ikkje har bede om utbetaling av tilskotet i samsvar med dokumentert framdrift og kostnadsplan.

Tilsegnsmottakar skal rapportere og sende inn rekneskap innan tre månader etter at tiltaket er gjennomført jamfør framdriftsplan skissert i søknad. Krav til rapportering blir sendt ut saman med eventuelt vedtak om støtte.

Tilskotsmottakar plikter seg til å dele erfaringar med andre aktørar i ulike samanhengar. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha høve til å setje i verk kontroll på at midlar vert forvalta som føresett. Fylkeskommunen og fylket sin revisor skal ha rett til dei dokument og opplysningar ein finn påkravd for kontroll.

Part eller andre med rettsleg klageinteresse kan klage på vedtaket innan ein frist på tre – 3 – veker. Fristen vart rekna frå den dagen søkjar fekk melding om vedtaket.

Ei eventuell klage må innehalde opplysningar om kva vedtak det vert klaga over, årsaka til klage og kva endringar ein meiner bør gjerast. Klage kan sendast til Vestland fylkeskommune.